Ein semiotisk analyse av Mona Lisa
I denne oppgåva skal du beskrive dei visuelle teikna du finn i eit av verdas mest kjende måleri. Du skal òg reflektere over kva desse teikna betyr.
Oppgåve 1) Beskriv det du ser
Beskriv visuelle teikn i måleriet Mona Lisa (ca. 1503–1519) av Leonardo da Vinci. Dette biletet er eit av dei mest kjende kunstverka i verda.
- Beskriv personen midt i biletet: alder, kjønn, klede, positur, kroppsspråk.
- Beskriv gjenstanden i framgrunnen.
- Beskriv det du ser i bakgrunnen. Her er det mange detaljar, så ver nøye!
- Beskriv lyset i biletet: Kvar kjem lyset frå? Kva er opplyst, og kva ligg i skuggen?
Beskriv fargane som er brukte i måleriet.
Oppgåve 2) Samanlikn beskrivingar
- Samanlikn beskrivinga di med beskrivinga til ein medelev. Kva er likt? Kva er ulikt?
Ta utgangspunkt i noko de har beskrive ulikt, og diskuter om dette kan kome av at de ikkje berre har beskrive, men også tolka det de ser.
Oppgåve 3) Tolk det du ser
Når du tolkar, tillegg du meining til det du ser.
Kva fortel positur og påkledning deg om personen Mona Lisa?
Kva fortel omgivnadene ho blir framstilt i, om denne personen og den tida ho lever i?
Korleis påverkar val av lys, skuggar og fargar opplevinga di av Mona Lisa?
Mona Lisa er kjend som kvinna med det mystiske smilet. Kva fortel blikk og ansiktsuttrykk deg om kven ho eigentleg er?
Relatert innhald
Her får du ei innføring i metode og teoriar som blir brukte i analyse av medietekstar, og eit døme på korleis teori blir brukt som verktøy i ein analyse.