Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Semiotikk og klede

Sjå delar av NRK-serien Avkledd, og bruk omgrep og kunnskap frå semiotikken til å utforske kva vi uttrykker med klede.
To kvinner som er svært like. Dei har rosa hår i same fasong, store briller, raud leppestift, flere kjede rundt halsen. Dei smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Kva seier du med kleda dine?

  1. Sjå på antrekket du har på deg. Viss vi tenker på klede som teikn: Kva konnotasjonar har enkeltplagg eller heilskapen i antrekket ditt?

  2. Sosialsemiotikken seier at teikn får innhaldet sitt frå den sosiale konteksten dei blir brukte i. Kler du deg annleis i ulike sosiale kontekstar, som med familie, på skule, jobb, trening eller på fest?

  3. Teikn har ein sosial funksjon, ifølge sosialsemiotikken. Dei kan brukast til å distansere oss frå enkelte grupper, eller dei kan signalisere tilhøyrsel og styrke relasjonar til andre. Kan du tenke på situasjonar der du har brukt klede på denne måten?

2. Kvifor kler vi oss likt?

Sjå frå 5.09 til 11.32 i episoden "På forsiden" i NRK-serien Avkledd.

  1. Kva svarer psykolog Egil Nygaard når programleiar Jenny Skavlan spør han kvifor vi kler oss likt med andre vi omgåst til vanleg? Stemmer dette for deg?

  2. Jenny Skavlan intervjuar ungdommar frå ulike skular i Oslo om korleis dei kler seg. Kva seier dei sjølve om kleskoden på skulen sin? Kvifor trur du dei ikkje legg merke til at dei kler seg likt, før Skavlan påpeikar dette?

  3. Er det slik på skulen din òg? Kva plagg går i så fall igjen på skulen din?

  4. Vi kan seie at kleda til desse skuleungdommane har tydinga "eg vil høyre til i fellesskapen". Kva er motsetninga til denne bodskapen, og korleis kan du signalisere dette med klede?

3. Kvifor kler vi oss annleis?

Sjå frå 5.32 til 11.14 i episoden "XL" i den same serien. Her møter Jenny Skavlan Pål Mikael Sterk-Hansen, som har ein ganske særeigen klesstil.

  1. Korleis beskriv Sterk-Hansen stilen sin med eitt ord? Korleis tolkar du stilen hans?

  2. Sterk-Hansen snakkar om "Frogner-fruer" når han legg fram eit antrekk. Kva tyding har dette? Korleis har desse kleda denne konnotasjonen?

  3. Han snakkar òg om å vere seg sjølv 100 prosent, men at han ikkje skil seg ut i flokken sin. Kva tenker du dette seier om fellesskapar og klede?

4. Korleis les vi kleda til andre?

Sjå vidare frå 11.24 til 21.00 i episoden "XL" (over). Her har Jenny Skavlan invitert ulike folk til å sjå på kleda i garderoben hennar og sjå om dei kan tolke kven ho er som menneske ut frå plagga.

  1. Kven har den mest rette tolkinga av ho? Kven tek mest feil? Kva trur du er grunnen til at dei tolkar kleda så ulikt?

  2. Lag ei liste over ulike tolkingar og skildringar som folk kjem med når dei ser på kleda hennar.

  3. Vel ut dei fem av desse som du er mest einig i, og prøv å beskrive så detaljert som mogleg kva det er ved plagget som gjer at du tolkar det slik. Bruk omgrepa "semiotiske ressursar" eller "teikn" om dei meiningsberande elementa i plagget.

  4. Del med ein medelev og diskuter: Kvar kjem dei kulturelle kodane som de bruker til å tolke teikna, frå?

5. Gjer ein semiotisk analyse av eit klesplagg

Finn eit plagg i ein fysisk eller nettbasert klesbutikk. Gjer ein semiotisk analyse av plagget og presenter analysen for klassen.

Her er spørsmål som du kan stille i analysen:

  • Kva for nokre meiningsberande element (teikn eller semiotiske ressursar) består plagget av? Det kan vere snitt, tøy, fargar, mønster, merke, lommer og så vidare.

  • Kva denotasjon og kva konnotasjonar har desse elementa?

  • Kva for nokre kulturelle kodar eller referansar må du kjenne til for å tolke elementa på denne måten?

  • Kan det å ha på seg dette plagget signalisere tilhøyrsel til eller avstand frå ulike fellesskapar?

  • Kan plagget ha andre sosiale funksjonar, som å signalisere makt, kjønn eller andre faktorar som har med det sosiale samspelet med andre å gjere?

Relatert innhald

Korleis påverkar den sosiale konteksten tydinga til teikn, og kva for nokre sosiale funksjonar kan teikn ha?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Medium, arbeidsliv og integrering