Podkast som kjelde for ein fagartikkel
Oppgåve 1: Fagomgrep og vanskelege ord
Før du lyttar til podkasten: Sjekk at du forstår nokre viktige fagomgrep og nokre vanskelege ord.
Oppgåve 2: Undersøk kjeldene i podkasten Fakta og fiksjon
I podkasten møter du Inger Merete Hobbelstad, kulturjournalist og kommentator i Dagbladet, og Kjersti Løken Stavrum, administrerande direktør i Stiftinga Tinius og Blommenholm Industrier. Stavrum har tidlegare vore redaktør i Aftenposten, generalsekretær i Norsk Presseforbund og leiar av Ytringsfrihetskommisjonen.
Slå opp på nett, og skriv ned stikkord.
Kven er dei to kvinnene som er med i samtalen?
Kva kjenneteiknar organisasjonane dei er tilknytta?
Oppgåve 3: Lytt til podkasten og ta gjerne notat
Få ei oversikt over samtalen. Lytt og stopp podkasten når du noterer.
Kven seier kva om ulike tema i denne podkasten? Bruk gjerne fagomgrepa i oppgåve 1 som utgangspunkt.
Skriv ei kort oppsummering om kva dei to kvinnene seier om fakta og fiksjon.
Oppgåve 4: Lag ein disposisjon til ein fagartikkel
Oppgåve 5: Skriv ein fagartikkel
Skriv ein fagartikkel om forskjellen på faktabaserte ytringar og andre formar for ytringar.
Gi òg råd om korleis unge på din alder kan lære seg å skilje mellom ulike typar ytringar.
Bruk andre kjelder i tillegg til podkasten.
Bruk mediefaglige omgrep i fagartikkelen.