Introduksjon
CC BY-SA 4.0
I denne læringsstien lærer du om dei yrkesetiske reglane som gjeld for journalistar og redaktørar, og du øver deg på å drøfte medieetiske problemstillingar i redaksjonelle medieforteljingar.
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du
- ha kjennskap til yrkesetiske reglar i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten
- forstå dei etiske utfordringane som kan oppstå i redaksjonell dekning av katastrofar
- kunne drøfte og ta stilling til nokre etiske problemstillingar som du kan møte når du jobbar som journalist og pressefotograf