Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Ny teknologi, marknadsføring og kritisk kompetanse

Fagartikkel

Strategi eller teknologi som drivkraft?

Den teknologiske utviklinga bidreg stadig til nye kommunikasjonskanalar, nye digitale løysingar og nye medieuttrykk. Utviklinga krev at verksemder har ein digital strategi – ein plan for korleis dei bruker ny teknologi for å oppnå måla sine.

Måten vi kommuniserer på, blir endra i takt med den teknologiske utviklinga. Men kva er drivkrafta bak denne utviklinga? Er det behovet folk har for å kommunisere på nye måtar, som formar kravet om ny teknologi? Eller er det tvert imot slik at den teknologiske utviklinga driv fram nye måtar å kommunisere på?

Ifølgje stipendiat Lisa Reutter ved NTNU finst det to grunnleggjande syn på teknologi:

  • Vi kan oppfatte teknologi som ei uavhengig kraft, som blir utvikla på eigne premissar, og som over tid vil endre samfunnet vi lever i ().

  • Alternativt kan vi sjå på teknologien som noko som er skapt av menneske ut frå eit sett av og for å utvikle samfunnet i ei retning vi ønskjer ().

Nettbank som døme

Ut frå ein teknologideterministisk tankegang er digitalisering av viktige samfunnstenester som nettbank noko som berre tvinger seg fram fordi den teknologiske utviklinga gjer det mogleg. At ein del eldre menneske slit med å betale rekningar digitalt, er då berre ein uheldig biverknad.

Ser vi på teknologien som sosialt konstruert, kan vi derimot hevde at bankane har brukt ein bevisst digital strategi til å utvikle teknologiske løysingar. Desse løysingane gjer det enklare for menneske over heile landet å nytte banktenester utan å måtte reise til næraste by eller tettstad.

Nye teknologiar og strategisk kommunikasjon

Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-SA 4.0

Den teknologiske utviklinga gjer det mogleg å forme ut ein på stadig nye måtar. Mediehistoria er full av døme på korleis tekniske oppfinningar har skapt nye , som i neste omgang har blitt tekne i bruk i frå styresmakter og bedrifter.

Aviser, Posten og informasjon frå styresmaktene

På 1600-talet la ny trykkjeteknologi grunnlaget for dei første løpesetlane (flygeblad) og dei første avisene. Samtidig tok staten over ansvaret for å levere post, og folk fekk betre leseferdigheiter. Gjennom kunngjeringar i aviser kunne norske styresmaktene no på ein enkel måte informere innbyggjarane om statlege avgjerder.

Film og reklame

Oppfinninga av fotografiet, og seinare filmen seint på 1800-talet, gjorde det mogleg å fange opp det auget faktisk ser, og vidareformidle det til andre. Slike medieuttrykk blir oppfatta som , for mange tenkjer at eit fotografi ikkje kan lyge. I tillegg appellerer bilete til kjenslene våre på ein heilt annan måte enn det skrift gjer. Dei nye visuelle uttrykksformene blei derfor raskt tekne i bruk i både og .

Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Reklame låner truverd frå journalistikken

Den teknologiske utviklinga har ført til at ulike medieuttrykk smeltar saman. Med fleire samtidige uttrykksformer blir det nye moglegheiter for strategisk kommunikasjon.

Til dømes er det ein vanleg strategi i marknadskommunikasjon å bruke digitale reklamar som ein integrert del av ei nettavisside. Reklamen "låner" på denne måten frå den redaksjonelle teksten, og mottakarane kan ha vanskar med å skilje mellom betalt og redaksjonell informasjon.

Digitale strategiar

Ein digital strategi er ein gjennomtenkt plan for korleis ei verksemd kan bruke digital teknologi og digitale medium til å oppnå måla sine. Både offentlege styresmakter og private bedrifter utviklar strategiar for bruk av digitale løysingar.

Her er nokre døme på digitale strategiar:

Har skulen din ein digital strategi?

Skulen din har kanskje laga ein plan for målretta bruk av IT-teknologi, sosiale medium og digitale læremiddel.

Prøv å finne ut kva den digitale strategien til skulen går ut på.

Du kan spørje læraren din eller rektor.

Kjelde

Reutter, L. (2020). Et kunstig intelligent samfunn [Undervisningsopplegg]. NTNU. Henta 8. desember 2021 frå https://www.ntnu.no/web/iss/et-kunstig-intelligent-samfunn

CC BY-SA 4.0Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021