Utforsk religion i dataspel og musikkvideoar
Utforsk og presenter korleis religion blir synleggjort og presentert i populærkulturelle medieuttrykk som dataspel og musikkvideoar.
Førebuing
Før de går i gang med oppgåva, bør de sjå denne undervisningsfilmen om religion i populærkulturen.
Utforsk eit populærkulturelt medieuttrykk
Jobb gruppevis. De vel sjølve i gruppene om de vil utforske eit dataspel eller ein musikkvideo.
Gruppene skal
anten utforske korleis religiøse førestillingar og symbol blir brukte i eit dataspel de kjenner godt,
eller utforske korleis religiøse førestillingar og symbol blir brukte i ein musikkvideo av ein kjend artist eller eit populært band
Presenter i klassen
Presenter for resten av klassen det de finn ut, ved hjelp av eit digitalt presentasjonsverktøy.
Ta med døme som synleggjer funna de har gjort.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022