Hopp til innhald

Fagstoff

Gullsmed

Gullsmedar designar og lagar eller reparerer smykke og andre gjenstandar i edelt metall, gjerne med edelsteinar og perler.

Gullsmedar bruker ulike teknikkar for å framstille smykke, uavhengig om materialet er gull, sølv eller uedle metall. Teikning er eit viktig verktøy i produktutvikling.

Gullbrosje med emalje i blåtonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Gullsmed gjer hammararbeid. Foto.

Som gullsmed må du vere nøyaktig, tolmodig og ha sans for estetikk. Påskjøninga er at du får boltre deg i vakre materiale og former, og kan skape flotte gjenstandar som folk vil ha glede av i generasjonar.

Utdanning

EtterVg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag kan du ta Vg2 gull- og sølvsmedhandverk på skule. Deretter kan du velje to år spesialisering i gullsmedfaget. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Relatert innhald

Ein sølvsmed designar, produserer og restaurerer sølvgjenstandar som lysestakar, krus, fat og sølvkanner.

CC BY-NC-NDSkrive av Pål Atle Lystad, Geo von Krogh, Øystein Johan Østby og Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021

Læringsressursar

Gull- og sølvsmedhandverk