Hopp til innhald
Fagartikkel

Trebåtbyggjar

Ein trebåtbyggjar lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar. Faget er ein del av eit maritimt miljø, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Her blir ein liten pram bygd. Ein pram er kjenneteikna ved at det ikkje er kjøl under båten. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Vi har bygd smekre havgåande båtar i Noreg i meir enn tusen år. Båtbyggjarfaget skal ta vare på desse tradisjonane og samtidig bidra til fornying.

Trebåtbyggjarar skal kunne lage modellar av produkta og produsere heile eller deler av båtar i full storleik. Dei lagar tekniske løysingar og monterer inventar og utstyr.

Eigenskapar

Som trebåtbyggjar arbeider du praktisk med materiale og verktøy. Du må ha gode handverksferdigheiter og sans for formgiving og idéutvikling. Du må kunne lage skisser og enkle arbeidsteikningar manuelt og ved bruk av digitale hjelpemiddel. I tillegg treng du kunnskap om mange typar materiale og å kunne utnytte dei kreativt.

Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Utdanning

Utdanninga for å bli trebåtbyggjar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling eller Vg1 teknologi- og industrifag. Etterpå vel du Vg2 båtbyggjar. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er trebåtbyggjar.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2021