Hopp til innhald
Fagartikkel

Urmakar

Ein urmakar reparerer og held ved like alt frå små urverk til store klokker. Det kan vere både mekaniske urverk og elektroniske ur. Eldre klokker kan trenge reparasjon eller restaurering.
Urmakar Jørgen Borling driv urmakarforretninga Urmaker Jacobsen i Lillestrøm. Han fortel om yrket og kva som krevst av den som vil bli urmakar. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Urmakarar rettleier og hjelper kundar når dei skal velje klokke. Dei vanlegaste arbeidsoppgåvene er å skifte batteri, reinse klokker, leite etter feil, reparere og restaurere.

Som urmakar er det mogleg å spesialisere seg innan til dømes armbandsur, gamle ur, store ur, tårnur og liknande.

Med sveinebrev har du fleire moglegheiter. Du kan jobbe med design, på hovudverkstaden til ein grossist, i ei etablert urmakarforretning eller starte eiga bedrift. Mange urmakarar har urmakarforretning med tilhøyrande service, mens ein del driv urmakarverkstad og får oppdrag frå forretningar og privatkundar.

Eigenskapar

Som urmakar må du vere nøyaktig, konsentrert og ha sans for detaljar. Du bør ha godt syn. Urmakarfaget krev gode materialkunnskapar og kunnskapar om mekaniske samband, samanføyingsmetodar og overflatebehandling. Du må ha teknisk innsikt, godt handlag og evne til å sjå praktiske løysingar. I møte med kundar bør du vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.

Utdanning

Utdanninga for å bli urmakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året kan du ta vg1 handverk, design og produktutvikling, vg1 teknologi- og industrifag eller vg1 elektro- og datateknologi. Det andre året vel du vg2 urmakar. Dette er ei landslinje. Kongsberg vidaregåande skule er den einaste skulen i Noreg som tilbyr yrkesteoretisk opplæring i urmakarfaget.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er urmakar. Dersom du ønskjer å ta vidareutdanning etter å ha fått nok praksis, kan du òg ta meisterbrev i urmakarfaget.

Relatert innhald

Ekstern
Urmaker

Nettside hos gyldendal.tv

Kilde

Norsk håndverksinstitutt. (2021, 1. november). Urmaker. https://utdanning.no/yrker/beskrivelse/urmaker

CC BY-SA 4.0Skrive av Svein Sandnes og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2021