Hopp til innhald
Oppgåve

Diskuter og generer KI-bilete

Skriv ein kort instruks i ein tekstboks, og vips, de har eit bilete som kan brukast i eit oppdrag eller ei arbeidsoppgåve. Eller vent no litt, er det heile så enkelt?

NDLAs biletrobot

I nokre av oppgåvene blir du beden om å generere bilete. Hugs å bruke godkjende biletrobotar. NDLAs biletrobot finn du under NDLAs praterobotar når du loggar inn på Min NDLA. Alle KI-robotane til NDLA er personvernsikre, tek omsyn til opphavsrett og er spesielt tilrettelagde for bruk i opplæring.

1. Generert bilete eller ikkje?

A. Kva for nokre av bileta i biletserien nedanfor er generert av KI, og kva for nokre er det ikkje? Jobb saman to og to og diskuter.

Fasit: Generert bilete eller ikkje?

Målingregn – generert

Regnbogemåleri – ikkje generert

Lauvskog med sti – ikkje generert

Lauvskog – generert

Plakat med Charlie Chaplin Modern Times – ikkje generert

Plakat med Charlie Chaplin 2024 – generert

Folkemengde i eit lyskryss, halvnært utsnitt – ikkje generert

Folkemengde i eit lyskryss, nært utsnitt – generert

B. På nettsida thispersondoesnotexist.com får de opp bilete av menneske som ikkje finst. Oppdaterer de lenka, kjem det opp eit nytt bilete. Sjå gjennom nokre bilete.

  • Klarer de å sjå om biletet er KI-generert eller ikkje?

  • Kvifor eller kvifor ikkje?

2. Diskuter resultat av leietekst og prøv sjølv

Bileta med leietekst finn de på denne sida: Wikipedia AI Art caricatures and public characters in AI art – Donald Trump. Bileta er oppretta med KI-biletgeneratoren Midjourney (versjon 4).

bak biletet er: "Donald Trump portrait, Bozo the Clown makeup on Donald Trump face, cinematic lighting, photo taken by ARRI, Canon, Nikon, Hasselblad, incredibly detailed, sharpen, professional lighting, 50mm, 80mm, 100mm + lightroom gallery --v 4" (Chicago god, 2022).

  1. Kva omgrep frå leieteksten nedanfor er fotofaglege? Kva for nokre av dei ser vi igjen i bileta? Diskuter to og to og deretter i klassen.

  2. Prøv å bruke leieteksten frå oppgåva over og legg inn i eit biletgeneringsverktøy. Kva skjer? Kvifor trur de dette skjer?

  3. Diskuter fordelar og ulemper med avgrensingar i KI-generering av bilete.

3. Fattig og rik i KI-bilete

Vi kan få kulturelle skeivskapar i resultata av det vi bestiller, når vi bruker KI til å generere bilete. KI baserer seg på store mengder data som kan forsterke stereotypiar og mangle nyansering. Vurder om det gjeld i følgande samanheng:

Generer to sett bilete: "Rik person som går langs ein veg" og "Fattig person som går langs ein veg".

  1. Korleis blir "rik" og "fattig" viste i bileta?

  2. Kva tenker de om resultata?

4. Kva kjenneteiknar gode leietekstar?

A. Biletet nedanfor er generert i Adobe Photoshop med leieteksten "Ein skikøyrar i pudder nedover i bratt skog". Biletet vart generert vinteren 2024.

Diskuter: Kva fungerer, og kva fungerer ikkje med dette genererte biletet?

B. Legg denne leieteksten inn i ein biletrobot de har tilgang til: "Eit foto av ein skikøyrar i pudder nedover i bratt skog". Samanlikn og diskuter bileta de får frå biletroboten. Kva fungerer med bileta, og kva fungerer ikkje?

C. Nedanfor skal de øve dykk på å bruke leietekstar for å generere bilete, Bruk ei iterativ tilnærming. Det vil seie at de justerer leieteksten og bestiller eit nytt bilete i fleire rundar til de er fornøgde.

For kvar oppgåve gjer de justeringar på leieteksten og tek vare på første og siste leietekst og første og siste bilete.

  1. Generer eit foto av eit landskap.

  2. Generer eit foto av ein bekk eller ei elv.

  3. Generer eit foto av ein modell som har på seg ei dongeribukse.

  4. Generer ei teikning som kunne ha vore brukt i ei barnebok.

Tips til leietekstar for generering av bilete

Gi instruksar for teknikk (til dømes foto, kull, anime, akvarell).

Gi instruksar for stil (til dømes renessanse, art nouveau, kubisme).

Angi utsnitt.

Bruk presise adjektiv (til dømes skinande, flytande, industrielt, pistasjgrønt, nøttebrun, korallfarga).

Beskriv eigenskapar ved portrett (til dømes familie, studio, nært).

Beskriv omgivnader presist (til dømes lavendeleng, afrikansk savanne, furuskog).

Oppgi fotograferingsdetaljar (angi djupneskarpleik og lukkartid, beskriv linsetype, angi ISO-verdi).

Oppgi lyskjelde, lystype og plassering (til dømes LED-lys, bål, kaldt lys, hovudlys, utfyllingslys, venstre, ovanfrå).

Prøv leietekstar på engelsk òg.

For utdjuping av tipsa over, sjå fagartikkelen "Lag bilete med kunstig intelligens".

D. Kva for eit av bileta de genererte, er de mest fornøgde med? Grunngi.

E. Gå gjennom bileta de ikkje er fornøgde med, eller som de fann feil med. Kva feil finn de, og er det feil som går igjen?

E. Gå gjennom bileta de ikkje var fornøgde med eller fann feil med. Kva feil fann de, og er det feil som går igjen?

F. Reflekter over arbeidet med å lage leietekstar. Korleis må de gå fram for å ende opp med bilete de er fornøgde med? Kva kjenneteiknar leietekstane som fungerer best?

5. Generer og vurder leietekst

Bruk ein praterobot til å generere ein leietekst som de bruker i ein biletrobot. Korleis vurderer de resultatet på bileta de får med denne leieteksten?

Diskuter verdien av å få hjelp til å generere leietekstar for å lage bilete.

Korleis fungerer biletet?

Med hjelp frå ein leietekstgenerator og bruk av verktøyet Adobe Firefly blir kvaliteten på skikøyrarbiletet mykje betre, sjå resultatet under. Likevel er det element i biletet som ikkje er heilt riktige. Finn du dei? Biletet vart generert vinteren 2024.

Leieteksten til biletet er som følger:

Skier, a person dressed in vibrant ski attire, gracefully gliding down a snow-covered mountain slope. The skier is leaning forward, their body in perfect alignment as they navigate through a series of sharp turns. The snow beneath them sparkles in the sunlight, the powder spraying up behind their skis with each turn. The skier's face is filled with determination and excitement, their eyes focused on the path ahead. The surrounding mountains rise majestically, their peaks covered in a blanket of white. The crisp mountain air is filled with the sound of skis slicing through the snow and the occasional whoops of joy from fellow skiers.

Style: Photography (Action Sports)

The photograph will be captured using a high-speed camera to freeze the fast-paced action of the skier. The composition will emphasize the skier's dynamic movement and the breathtaking mountain landscape. The camera settings will be adjusted to capture the details of the snow and the skier's vibrant attire, while maintaining a sense of speed and energy. (OpenAI, 2023)

6. Verkshøgde

I lova om opphavsrett finn vi omgrepet verkshøgde. Skal du ha opphavsrett til ditt eige bilete, må biletet ha verkshøgde. Det betyr at du skal ha bidrege med ein individuell og skapande innsats då du laga det. Når eit bilete har verkshøgde, er det eit åndsverk og dermed òg beskytta av åndsverklova.

  1. Forklar kvarandre kva verkshøgde er, og bruk døme på eigne arbeid med medieuttrykk.

  2. Kvar i arbeidsprosessen med eit KI-bilete ligg det mest "individuell og skapande innsats"?

  3. Kva skal til for at eit KI-generert bilete har verkshøgde?

7. Bygg eit KI-bilete i fleire lag

Lag ei skisse til eit reklamebilete for ein drikk. Bruk tre lag i Photoshop for å bygge biletet: eitt lag for bakgrunnen, eitt lag for produktet (hovudmotivet) og eitt lag for anna innhald.

A. Vel eit arbeidsområde med "Rectangular Marquee tool". De får opp ein tekstboks der de kan skrive ein (prompt) for å generere eit bilete.

B. Generer så mykje som mogleg av innhaldet til kvart av laga. Prøv dykk fram med ulike leietekstar.

C. Kva kjem enkelt på plass? Kva er vanskelegare å få til? Kva leietekstar fungerer, kva leietekstar fungerer ikkje?

D. Diskuter i klassen: Kva er fordelar og ulemper med å bruke lagdeling i KI-genererte bilete samanlikna med heilgenererte bilete?

8. Diskuter profesjonell bruk av KI-genererte bilete

I kva samanhengar er det fornuftig at media bruker KI-genererte bilete?

Finn gjerne konkrete døme på profesjonell bruk og diskuter.

Verktøy brukte for å generere bilete til denne artikkelen

  • Adobe Photoshop med funksjonen "Generate"

  • Adobe Firefly

  • DALL-E i Copilot

  • Adobe Firefly prompt generatorFlowGPT

Kjelder

AI art caricatures and public characters in AI art. (2024, 11. februar). I Wikimedia Commons. https://commons.wikimedia.org/wiki/AI_art_caricatures_and_public_characters_in_AI_art#

Bårdgård, T. (2023, 12. september). Lag bilete med kunstig intelligens. NDLA. https://ndla.no/article/38842

Chicago god. (2022, 23. desember). Midjourney Version 4.jpg [KI-illustrasjon]. Wikimedia Commons. https://commons.wikimedia.org/wiki/AI_art_caricatures_and_public_characters_in_AI_art#/media/File:Midjourney_Version_4.jpg

OpenAI. (2023). Adobe Firefly prompt generator (12. april versjon) [Stor språkmodell]. FlowGPT. https://flowgpt.com/p/adobe-firefly-prompt-generator

Hovde, K.-O. & Lem, G. H. (2021, 27. desember). Verkshøyde. I Store norske leksikon. https://snl.no/verkshøyde

Relatert innhald