Hopp til innhald

Fagstoff

Utvalsstorleik og feilmargin

Kan vi stole på resultata i undersøkinga? Vi har jo tross alt ikkje spurt alle i den populasjonen vi ønskjer å undersøkje. For å få svar på dette, må vi gjere det vi kallar ein feilmarginanalyse.
Eit fåtal figurar som symboliserer menneske står inne i ein sirkel, mens mange står utanfor. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Feilmarginane i ei undersøking blir i hovudsak bestemde av to ting:

  1. Konfidensintervall. Med det meiner vi ei talfesting av kor sannsynleg det er at vi har rett resultat. Med eit konfidensintervall på 95 % er det 95 % sannsyn for at resultatet frå utvalet gjeld for heile populasjonen. Jo større krav til sannsyn, jo større vil feilmarginen bli.

  2. Utvalsstorleik. Det seier seg sjølv at jo større utval vi har, jo mindre blir feilmarginane når vi skal seie noko om heile populasjonen med utgangspunkt i resultata frå utvalet.

Ver oppmerksam på at det berre er utvalsstorleiken som har betyding for feilmarginen, bortsett frå ved svært små populasjonar. Ved store populasjonar betyr det ingenting om storleiken på populasjonen er befolkninga i Noreg på 5 millionar menneske, eller om det er storleiken på befolkninga i USA på 200 millionar menneske.

I ein feilmargintabell kan du lese kor stor feilmarginen er ved ulike utvalsstorleikar. Dei fleste undersøkingar bruker eit signifikansnivå på 95 %.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Spørjeundersøkingar