Kva er ein konspirasjonsteori, og korleis kan vi sjekke om teoriane stemmer?
Oppgåve 1
Kva for konspirasjonsteoriar kjenner du til? Lag ei liste, gjerne saman med ein medelev.
- Kva for saker tek desse konspirasjonsteoriane føre seg?
Oppgåve 2
Vel deg ut éin konspirasjonsteori du vil sjå nærare på. Bruk gjerne ein av dei som blir nemnde i videoen.
- Finn fleire kjelder som beskriv og forklarer hendinga eller fenomenet på ulike måtar.
- Ta ein kjeldesjekk på kjeldene du har funne. Bruk hugseregelen TONE.
- Kva for kjelder belyser hendinga eller fenomenet best? Grunngi svaret ditt.
Oppgåve 3
Kor farleg er det å tru på konspirasjonsteoriar, og kven lèt seg overtyde av desse?
- Kva trur du er svaret på desse to spørsmåla? Skriv ned eller diskuter med ein medelev. Hugs å grunngi svara dine!
Bruk fleire kjelder til å finne svar på spørsmåla. Start gjerne med desse to artiklane:
- "Konspirasjonsteorier er det stikk motsatte av kritisk tenkning" (ublogg.no) av Marte Mesna (Ublogg, 2019)
- "Personer som tror på konspirasjonsteorier ser verden som et farlig sted" (forskning.no) av Elise Kjørstad (Forskning.no, 2018)
- Kjenner du til ein eller fleire hendingar dei siste åra som er inspirerte eller utløyste av konspirasjonsteoriar?
Oppgåve 4
Lag ein konspirasjonsteori! Bruk det du har lært gjennom filmen og det som står i punkta under til å konstruere din eigen teori.
- Lag ei alternativ forklaring til ei nyleg hending eller eit ganske nytt fenomen som det ikkje allereie finst ein slik teori for.
- Presenter konspirasjonsteorien din for medelevar. Bruk kunnskapane dine om retorikk til å prøve å overtyde dei.
Nokre kjenneteikn på konspirasjonsteoriar
- Det blir hevda at det er ei samansverjing som held den eigentlege sanninga skjult.
- Konspirasjonsteorien legg skulda for ei hending eller eit fenomen på "dei andre".
- Dei som står bak samansverjinga er gjerne ein allianse mellom maktpersonar eller ei folkegruppe. Målet for gruppa er å få makt over andre.
- Det finst ingen konkrete bevis på den alternative teorien, berre spekulasjonar om moglege samanhengar og årsaker mellom lausrivne fakta.
- Viser til "sunn fornuft" i staden for vitskap.
- Ekspertar som seier imot konspirasjonsteoriane blir gjerne skulda for å vere ein del av konspirasjonen.
Kjelder:
Dyrendal, A. (2019, 23.april). Konspirasjonsteorier. Henta frå https://snl.no/konspirasjonsteori
Wikipedia. (2019). Konspirasjonsteorier. Henta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Konspirasjonsteori