Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Overtyd med patos

Reklame for majones 1920-tallet. Ei kvinne mater ein mann med salat, krukke med majones i forgrunnen. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Skap kjensler for eit produkt

Jobb saman i grupper på to til fire elevar.

  1. Vel dykk eit produkt, f.eks. sjokolade, brus, klesmerke, kosttilskott eller liknande.

  2. Vel ei spesifikk kjensle, f.eks. glede, sjalusi, svolt, tørst, å kjenne seg utanfor, dårleg samvit eller liknande.

  3. No skal de konsentrere dykk berre om den eine kjensla. Korleis må de ordleggje dykk for å vekkje den kjensla de har valt, når de skal overtyde ein mottakar om å kjøpe produktet dykkar?

Relatert innhald

Patos blir ofte omsett til «kjensler». I retorisk samanheng vil det seie at vi overtyder gjennom å vekkje bestemte kjensler hos publikum.

CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2017

Læringsressursar

Retorikk i bruk