Lag ei bestilling via e-post
Ver bevisst på korleis du kommuniserer med eksterne. Her får du i oppdrag å bestille eit produkt for ein kunde hos ein leverandør.
- Korleis kan de representere arbeidsplassen på ein god måte når de kommuniserer med kundar og leverandørar?
- Kva slags produkt er aktuelt å bestille innanfor yrkesretninga dykkar?
- Bestem dykk for ein kunde og kva slags produkt hen vil at de skal bestille. Finn så ein leverandør som de ser for dykk at de kan kontakte.
- Skriv ein e-post til salskontoret der du bestiller den aktuelle vara. I staden for å leggje inn e-post-adressa til firmaet, legg du e-post-adressene til eleven/elevane du samarbeider med inn i kopifeltet.
- Sjå for dykk at vara er skadd når ho blir levert. Diskuter i gruppa korleis det er best å løyse dette. Er det lurt å sende e-posten når du er sint? Bør du be om kompensasjon?
- Skriv ein ny e-post til leverandøren, der du klagar på sendinga og ber om nytt produkt. Målet ditt er å få til eit framleis godt samarbeid med leverandøren, i tillegg til kompensasjon og rask aksjon på klagen. Så tenk over korleis du formulerer deg.
I staden for å leggje inn e-postadressa til firmaet, legg du e-postadressene til eleven/elevane du samarbeider med inn i kopifeltet. - Les kvarandre sine e-postar og diskuter korleis de oppfattar kommunikasjonen. Bør nokon av formuleringane endrast?
- Skriv til slutt ein e-post der du informerer kunden din om at vara blir forseinka.
Relatert innhald
Fagstoff
Korleis skrive ein profesjonell e-post?Korleis kommunisere profesjonelt og venleg på e-post? Sjå og lær av denne rettleiingsvideoen.