Å diskutere med stråmenn
Felles løysing eller kamp for å vinne?
I ein diskusjon er det viktig at du lyttar og tek inn over deg argumenta til motstandaren for å utvikle dine eigne tankar om saka. Kanskje de til og med kan kome fram til ei felles løysing på eit problem gjennom å diskutere?
Alle som har sett på TV, veit at debattar i media sjeldan er så fredelege og harmoniske som det vi beskriv her. I politiske debattar er målet ofte å vinne støtta til veljaren. Då kan det vere freistande å ty til argument som øydelegg for motparten, sånn at du står igjen som vinnaren. Stråmannsargumentasjon er eitt av mange slike argumentasjonsknep.
Kva er ein stråmann?
Kort forklart er stråmannsargumentasjon å forvrengje argumenta til motstandaren på ein sånn måte at du lett kan vinne diskusjonen. Det kan du gjere ved å overdrive, forenkle, setje på spissen eller til og med finne opp argument på vegner av meiningsmotstandarar.
Du diskuterer då mot argument du sjølv har laga, altså mot ein stråmann i staden for mot diskusjonspartnaren din.
Eit døme
La oss seie at du i ein diskusjon seier at du er imot at butikkar plasserer godteri ved kassa, fordi det er lettare at vi gir etter for freistingar.
Diskusjonspartnaren din svarer:
– Skal det ikkje vere lov å kose seg litt heller, no då?
Her har diskusjonspartnaren din laga ein stråmann, ved å argumentere mot sin eigen forvrengde versjon av argumentet ditt:
– Du er imot at folk et godteri, fordi du er imot at dei kosar seg.
Medan det opphavlege argumentet ditt var eit heilt anna:
– Eg er imot at butikkane plasserer godteri ved kassa, fordi det fører til at vi et meir usunn mat.
To døme frå same debatt
Ein måte å forvrengje argumenta til motstandarane på er ved å forenkle dei, eller ved å setje dei på spissen. Vi skal sjå på korleis begge sider i ein debatt om oljeutvinning gjer dette. Ueinigheita mellom Sylvi Listhaug (Framstegspartiet) og Arild Hermstad (Miljøpartiet Dei Grøne) blir gitt att i denne NRK-artikkelen: Frp om klimapolitikarar: – Sosialistiske formyndarar
Først forvrengjer Sylvi Listhaug standpunktet i politikken til MDG ved å karakterisere programmet til miljøpartiet på denne måten:
Men er det en ting vi i Norge ikke skal gjøre, så er det å skamme oss over hvor fantastisk godt vi har det. Det er bygget opp gjennom generasjoner. Alt det ønsker MDG å rive ned, sier Listhaug til NRK.
Her legg ho fram at MDG
- meiner at nordmenn skal skamme seg over kor godt dei har det
- vil rive ned alt den norske velferda er bygd på
Sett på denne måten, er det ikkje vanskeleg å argumentere mot MDGs politikk.
I den same diskusjonen ser vi òg at Hermstad frå MDG set Listhaug sitt utspel på spissen og bruker orda "konspirasjonsteori" for å beskrive kritikken derfrå. Argumentet til Hermstad blir gitt att slik i NRK-artikkelen:
Han er himmelfallen over det han mener er en konspirasjonsteori fra Frp-ledelsens side om at Parisavtalen som ble signert av verdens ledere i 2015 i realiteten også er iscenesatt av marxister for å innføre sosialisme.
Konspirasjonsteoriar er som kjend ikkje til å stole på, og kritikken til motstandaren er dermed veldig enkel å avfeie. Konspirasjonsteorien som her blir omtala, er absolutt i omløp, men så lenge Listhaug ikkje refererer direkte til han i debatten, er det ikkje konstruktivt å antyde at ho er ein tilhengjar av teorien.
Her er det lett å tenkje seg at det hadde blitt ein betre diskusjon om begge partane hadde møtt kritikken frå den andre med motargument som var saklege og redelege.
Somme meiner at ...
I ein diskusjon om lekser kan du argumentere slik:
– Somme lærarar meiner visst at vi unge ikkje har nok å fylle fritida vår med. Som ungdom sjølv veit eg at dette ikkje er sant. Vi har fullt program både dag og natt, og vi treng å kunne kople av.
Dei fleste er einige i at ungdom er travle og treng å kople av, så her vil du nok vinne diskusjonen. Men kvar har du det frå at somme lærarar meiner at ungdom ikkje har nok å fylle fritida med? Viss du ikkje kan peike på ei konkret utsegn frå lærarar, har du konstruert eit stråmannsargument.
Korleis kan vi unngå stråmenn i diskusjonar?
Gi att argumenta til motparten på ein måte som liknar mest mogleg på korleis dei sjølv la dei fram. Sjekk gjerne at du har forstått dei rett:
– Slik eg forstår deg, seier du altså at ....
Viss nokon vrengjer på orda dine i ein diskusjon, veit du no at dette heiter stråmannsargumentasjon, sånn at du kan gjere dei merksame på at det er det dei driv med.
Kjelder:
Antonsen, P., & Hjortland, O. (2017, 27. desember). Erna Solberg om SSB-konflikten. Henta frå Logikksjekk.no: https://www.logikksjekk.no/2017/11/25/erna-solberg-om-ssb-konflikten/
Ramnefjell, G. (2019, 9. mai). La den dumme stråmannen ligge. Dagbladet. Henta frå https://www.dagbladet.no/kultur/la-den-dumme-stramannen-ligge/71056875
Sølhusvik, L. (2019, 16. august). Frp om klimapolitikere: – Sosialistiske formyndere. NRK. Henta frå https://www.nrk.no/norge/frp-om-klimapolitikere_-_-sosialistiske-formyndere-1.14661449
Wu, J. (u.d.). Fallacies: Straw Man Fallacy. Henta 22. mai 2020 frå Khan Academy: https://www.khanacademy.org/partner-content/wi-phi/wiphi-critical-thinking/wiphi-fallacies/v/straw-man-fallacy