Dykk i djupet på kjønn og identitet
Å fordjupe seg betyr ifølgje ordboka "å gå til botnars" og "samle tankane sine". Når du dykkar i djupet på eit emne, vil du sannsynlegvis både få meir kunnskap og forstå meir. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men i djupnelæring kan det vere lurt å trekkje inn kunnskap frå fleire fag for å forstå temaet godt. Når du skal gå i djupna på eit tema, kan du gjerne jobbe tverrfagleg. Denne oppgåva legg vekt på det norskfaglege, men når du skal fordjupe deg i mennesket og naturen, passar nok særleg samfunnsfaglege emne inn.
Djupnelæring inneber at du
- først skal avdekkje kva du kan om eit tema
- så skal byggje opp ny kunnskap gradvis. Bruk gjerne mange ulike teksttypar: dokumentarfilmar, fiksjonsfilmar, saktekstar og skjønnlitteratur.
- ser etter likskapar og forskjellar mellom tekstane
- byggjer kunnskap i samspel med både medelevar og læraren din: diskuter, vurder og lytt!
- analyserer og reflekterer over tekstane du bruker undervegs
- reflekterer over eiga læring undervegs og mot slutten av prosessen
Mange av tekstane vi tipsar deg om under er utdrag frå bøker. Om du verkeleg vil gå i djupna, bør du lese ei heil bok. Les gjennom utdraga og finn ut kva for eit / kva for nokre utdrag du synest er mest interessant(e). Gå deretter på biblioteket og lån boka.
Eit godt tips i startfasen er å lage ei problemstilling du ønskjer å finne svar på. Skriv gjerne ned nokre spørsmål du lurer på heilt i starten. Etter kvart kan du forme desse spørsmåla til ei problemstilling. Ikkje ver redd for å endre formuleringa i problemstillinga undervegs. Hugs at problemstillingar er dynamiske!
Kva forventningar blir stilte til oss i kraft av det kjønnet vi er fødde som? Og korleis er det å sprengje grenser om kjønn i Noreg i dag? Er vi så moderne og fordomsfrie som vi trur?
Les! | Sjå! Høyr! |
---|---|
|
|
- Kva forventningar stiller samfunnet i dag til kjønn, ifølgje ulike tekstar?
- Kva kjenneteiknar den moderne mannsrolla?
- Kva kjenneteiknar den moderne kvinnerolla?
- Korleis framstiller ulike tekstar karakterar som bryt med kjønnsnormene?
- Kva verkemiddel bruker tekstar for å utfordre oss til å tenkje nytt om kjønn og identitet?
I norskfaget blir det forventa at du trekkjer inn døme frå tekstar du har lese når du skal presentere emnet du har fordjupa deg i. Her kjem forslag til korleis du kan leggje fram funna dine:
- Skriv ein fagartikkel der du reflekterer over ulike perspektiv på kjønn og identitet.
- Lag ein podkast. Gå saman i grupper på tre eller fire og diskuter dei ulike perspektiva på kjønn og identitet som kjem fram i tekstane.
- Hald eit foredrag om ulike perspektiv på kjønn og identitet i tekstar.
- Foredrag med rollespel: Gå saman i grupper. Hald eit foredrag, men veksle mellom klassisk foredrag og rollespel. Bruk scener frå tekstane de har lese for å illustrere poenga de vil ha fram.
- Arranger ein klassediskusjon. Alle i klassen les tekstar. Vel ut to medelevar som skal leie diskusjonen.