Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein artikkel?

Artikkelen er ein av dei vanlegaste sakprosasjangrane. Han har fleire undersjangrar med ulike formål og oppbygging.
Kvinne skriver på sin bærbare datamaskin mens bokstaver flyr rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike formål

Nokre artiklar har som viktigaste fomål å informere og opplyse. Leksikonartikkelen og nyheitsartikkelen i avisa er gode eksempel på dette. Men ofte er målet like mykje å overtyde lesaren om noko. Ein medisinsk forskar kan for eksempel skrive ein artikkel om nye oppdagingar i kreftforskinga og gå inn for ein bestemt type behandling av sjukdomen. Ein litteraturvitar kan skrive ein artikkel om ukjende sider ved Knut Hamsuns forfattarskap og argumentere for ei nytolking av verka hans. Det finst også artiklar som i større grad legg vekt på å kritisere, underhalde eller skape debatt. Aviskommentaren er eit typisk eksempel her.

Ulike målgrupper

Mens enkelte artiklar er skrivne av og for fagfolk – for eksempel ein vitskapleg artikkel i eit fagtidsskrift –, er andre artiklar skrivne for "alle". Eksempel på dette er nyheitsartiklar i avisene, eller såkalla populariserte fagartiklar i populærvitskaplege tidsskrift og i aviser.

Journalistisk eller vitskapeleg artikkel?

Vi kan dele artiklane inn i ulike undersjangrar, avhengig av mål-gruppe, språkleg stil, bruk av kjelder og referansar, og av formålet med teksten. Eit vanleg hovudskilje går mellom journalistisk og vitskapleg artikkel.

Den vitskaplege fagartikkelen har strenge krav til klarleik og etterprøvbarheit, til ryddig struktur og bruk av kjelder og referansar. Påstandar skal grunngivast og underbyggjast, og forfattaren må gjere det tydeleg kva som er eigne tankar og kva som er henta frå andre kjelder. Vi kallar gjerne denne typen artikkel for ein resonnerande tekst: Teksten skal vise resonnementet eller tankerekkja som fører fram til konklusjonen.

Resonnere: tenke, overveie, diskutere; trekke fornuftige slutninger; av fransk raison (= fornuft; årsak, argument)

Ein variant av den vitskaplege artikkelen er den populariserte fagartikkelen. Her er gjerne mottakargruppa breiare, og det blir ikkje stilt krav om referansar.

Den journalistiske artikkelen står noko friare med tanke på form, innhald og kjelder. Men også journalistar må forholde seg til krav om saklegdom og reieleg bruk av kjelder.

Oppbygging: Fisk eller Pyramide

Ein artikkel bør ha har ei ryddig og logisk oppbygging. Som oftast nyttar ein den såkalla Fisken som modell for oppbygginga. Dette vil seie at teksten har ei tredeling med ei informerande innleiing (hode), ein utdjupande hovuddel (kropp) og ei konkluderande avslutning (hale). Teksten er vidare delt opp i avsnitt som markerer overgangen frå eitt moment til neste.

Unntaket frå denne organiseringa finn vi i nyheitsartikkelen, som har den såkalla omvende pyramiden som struktur. Her er det eit poeng at det viktigaste kjem først, medan mindre viktig informasjon kjem lenger ut i teksten. Dette har to årsaker: Avislesarar skal raskt kunne få med seg det viktigaste i ein artikkel sjølv om dei ikkje les heile teksten. Og "desken" i avisa kan ha behov for å korte ned teksten på grunn av plassmangel. Då er det ein konvensjon (fast regel) at ein kuttar teksten bakfrå.

Ein vanleg teksttype i skolen

Artikkelen er vanlegaste sjangeren elevar skriv i skolen, både i norskfaget og i andre fag. Anten gjer greie for forskjellane mellom islam og kristendom eller diskuterer modernistiske trekk i ein tekst, er det ein såkalla fagartikkel du skriv.

Fagartikkelen i skolen har stort sett dei same sjangertrekka som den vitskaplege artikkelen. Du behandlar ei sak eller eit emne på ein sakleg og strukturert måte. Du bør òg bruke ei eller fleire kjelder, både for å skape ein fyldigare og betre tekst for å styrkje din eigen argumentasjon.

Litt sjangerhistorikk

Le Journal des Scavans ("Tidsskriftet for dei lærde") var det første vitskaplege tidsskriftet i Europa. Det kom ut for første gang i 1665. Namnet uttaler vi lø sjornal de savå. Artiklane som stod på trykk i dei første tidsskrifta, var forma som brev som forskarane sende til redaktørane.

På 1800-talet fekk artikkelen sin faste disposisjon. Kjeldetilvisingar var no blitt ein sjølvsagd ting. Dei vitskaplege artiklane blei dessutan kritisk vurderte før dei kom på trykk. Redaksjonskomiteen bestod av fagfolk som gjekk god for artikkelen når dei tillot at han blei trykt.

Kjelder

Grepstad, Ottar (1997) Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk, Oslo, Det Norske Samlaget.

Skovholt, Marianne og Aslaug Veum (2005) Nøkler til norsk, Basis 1, Oslo, NKI Forlaget.

Tønnesson, Johan L. (2008) Hva er sakprosa, Oslo, Universitetsforlaget.

CC BY-NC-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken .
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Artikkel