Hopp til innhald

Fagstoff

Narrativ sakprosa

I ei tid der romanane handlar om verkelegheita og nokon sakprosatekstar liknar meir på romanar, kan vi ha bruk for eit omgrep som beskriv sakprosatekstane som bruker sentrale verkemiddel frå skjønnlitteraturen.
Bøker i bokhandel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstar om verkelegheita

Sakprosa er ei samlenemning på tekstar som handlar om verkelegheita. Men det er forskjell på korleis ei kokebok og ein sjølvbiografi held seg til han. Nokre sakprosatekstar prøver å beskrive ei sak så objektivt som mogleg, helst utan språklege verkemiddel. I andre sakprosatekstar bruker forfattarane verkemiddel medvite for å påverke korleis lesarane oppfattar verkelegheita.

Narrativ (frå latin av narrare 'fortelje') forteljande; som gjeld handlingsgangen i ei forteljing.

Kjelde: ordbok.uib.no

Narrativ sakprosa er forteljingar om verkelegheita

Tekstane vi har plassert i kategorien "narrativ sakprosa" låner mange grep vi kjenner frå skjønnlitteraturen. Døme på slike tekstar er biografiar og dokumentarromanar. Dette er tekstar som er utforma som forteljingar; dei kan likne romanar, samtidig som dei er tydelege på at dei held seg til verkelegheita og er baserte på fakta. Forfattar og forlag har blitt samde om at teksten skal lesast som ein sakprosatekst, ikkje som ei oppdikta forteljing.

Tenk over/diskuter:

Spelar det noka rolle om ei bok har merkelappen "roman" eller "sakprosa"?

Lesarkontrakten

Eit nyttig omgrep for å forstå korleis vi skil narrativ sakprosa frå skjønnlitterære tekstar som romanar, er lesarkontrakten. Med lesarkontrakt meiner vi den forventningane ein lesar har til teksten føre seg. Forventningane blir sette i stor grad av kva sjanger teksten blir plassert i av forfattar og forlag.

Faktakontrakten

Biografiar er døme på tekstar som kan likne på romanar der forfattaren skriv om verkelege liv, men fordi forlaget bruker etiketten "biografi", fell tekstane under sakprosa-kategorien. Lesarkontrakten for slike tekstar garanterer at innhaldet i boka er basert på fakta. Krava til nøyaktigheit og kjeldebruk er strenge for ein sakprosatekst, fordi lesaren skal kunne stole på at han gir att verkelegheita.

Fiksjonskontrakten

Viss ei bok har ordet "roman" på omslaget, er det eit signal til deg som les om at det som står mellom permane i boka ikkje skal lesast som ei objektiv skildring av verkelegheita, men som fiksjon.

I ein roman kan forfattaren beskrive hendingar frå verkelegheita, men har frie taumar til korleis desse skal framstillast. Då veit lesaren at teksten gir ei subjektiv framstilling av verkelegheita, eller til og med ei medvite feilaktig framstilling av ho. Eg-forteljaren i ein roman er ikkje vanlegvis den same personen som forfattaren.

"Min kamp" og lesarkontrakten

Då Karl Ove Knausgård lét sin eg-forteljar i romanserien Min kamp heite Karl-Ove, utfordra han lesarkontrakten. I heile romanen skriv han om faktiske personar, stader og hendingar. Mange lesarar syntest det var vanskeleg å skulle lese boka som fiksjon og ikkje fakta på grunn av dette.

Knausgård minner om fiksjonskontrakten i eit motsvar i Dagsavisen i 2016 til kritikken mot noko av innhaldet i boka "Min kamp 6":

Helt avgjørende for å forstå «Min kamp 6» er å forstå forskjellen på skjønnlitteratur og sakprosa. «Min kamp 6» er ingen avhandling, intet vitenskapelig verk, ingen sakprosabok, men en roman. Den store forskjellen på en avhandling og en roman, såvidt jeg kan se, er at en avhandling er saklig, objektiv, og at dens teser argumenteres rasjonelt for, mens en roman bygger på den delen av virkelighetsforståelsen som akademia utelater: følelsene, stemningene, impulsene, de underbevisste strømningene.

(Knausgård, 2016)

Fakta eller forteljing?

Skilja mellom fakta og fiksjon i tekstar har blitt meir utydelege av fleire grunnar. På den eine sida er romanen ein utruleg fleksibel kategori. Han kan ta opp i seg og etterlikne andre sjangrar, som til dømes brev, dokumentar og biografi. Men så lenge det står roman på omslaget, les vi han som dette.

På den andre sida har du sakprosatekstar som bruker forteljinga som verkemiddel og metode, i motsetning til ein meir objektivt rapporterande stil. Åsne Seierstads To søstre er eit døme på dette. Seierstad bruker forteljargrep frå skjønnlitteraturen, som sceniske framstillingar, tankereferat og spenningsskapande skildringar. Samtidig baserer ho alt innhaldet på kjeldene ho har samla inn. Forteljinga forsterkar, engasjerer og utforskar materialet på ein annan måte enn om ho hadde brukt ein meir tradisjonell journalistisk skrivemåte.

Tenk over/diskuter:

Kva trur du Åsne Seierstad oppnår ved å ikkje gi boka si merkelappen "roman"?

Relatert innhald

Utdrag frå boka "To søstre" av Åsne Seierstad (2016)

Utdrag frå boka Hold fast! av Samuel Massie.

Kjelder:

Ellefsen, B. (2017, januar 6). Å fortelle er å tenke. Henta juni 5, 2020 frå Morgenbladet.no: https://morgenbladet.no/boker/2017/01/fortelle-er-tenke

Knausgard, K. O. (2016, mai 10). Svaret fra Knausgård: – Helland forstår ikke skjønnlitteratur. Henta juni 5, 2020 frå Dagsavisen.no: https://www.dagsavisen.no/kultur/svaret-fra-knausgard-helland-forstar-ikke-skjonnlitteratur-1.722583

Nasjonalbiblioteket. (2017, februar 1). Sakprosa. Sjangerlære med Ivo de Figueiredo, Ane Farsethås, Anders Heger og Cathrine Sandnes. Henta frå Nasjonalbibliotekets podkast: https://soundcloud.com/nasjonalbiblioteket/sjangerlaere-sakprosa-ivo-de-figueiredo-ane-farsethas-anders-heger-og-cathrine-sandnes?in=nasjonalbiblioteket/sets/sjangerlaere

Tønnesson, Johan: sakprosa i Store norske leksikon på snl.no. 16.Juli 2019. Henta 4. juni 2020 frå https://snl.no/sakprosa

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Narrativ sakprosa