Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Formålet med denne læringsstien er at du skal stille godt førebudd til eksamen i norsk for yrkesfag.

For å stille førebudd bør du vite kva slags oppgåver du kan møte. I tillegg er det lurt å ha diskutert døme på oppgåvelydar og vurderingstekstar. Det er òg ein fordel at du har prøvd å løyse nokre oppgåver.

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • kjenne til oppgåvetypane som kjem til eksamen
  • kunne forstå oppgåvelydar og vurderingstekstar
  • vite kva som kjenneteiknar eit godt svar på dei ulike oppgåvetypane
  • kunne skrive eit svar med solid fagleg innhald, god struktur og eit språk tilpassa oppgåvesjangeren