Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Korleis skal du førebu deg til eksamen i norsk for yrkesfag?

Før du skal ha norskeksamen, bør du bruke god tid til å førebu deg. Det aller viktigaste er å bli kjent med oppgåvetypane og øve deg på å svare slik du skal gjere på sjølve eksamensdagen.
Ung, vaksen elev sit ved ein pult og smiler. Ho har ei skriveblokk framfor seg og ein penn i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steg 1: Bli kjent med oppgåvene som kjem

Det aller første du bør gjere, er å setje deg inn i kva for ulike oppgåver som kjem til eksamen. For viss oppgåva spør deg om noko du ikkje forstår, kan du bli veldig stressa! Å vite kva som ventar deg, er rett og slett ein vaksine mot eksamensnervar.

To ulike oppgåvetypar

Til eksamen vil du få tre oppgåver som er delte inn slik:

  1. ei leseoppgåve

  2. ei skriveoppgåve med vedlegg

  3. ei skriveoppgåve utan vedlegg

1) Leseoppgåva

I leseoppgåva skal du vise at du kan forstå tekst. Denne oppgåva ber deg lese ein tekst og svare kort for å vise at du har forstått innhaldet. Ho kan òg be deg peike på verkemiddel i teksten.

Oppgåva ber deg bruke cirka 250–300 ord i svaret ditt.

To døme

Døme 1: Sjå ein reklamefilm

Du skal sjå reklamefilmen Minus 5 – De tapte krigsårene (2020) frå Forsvaret og deretter svare på oppgåve a, b og c. Sjå gjerne filmen fleire gonger.

  1. Kven er avsendar av reklamefilmen, og kva er formålet? Grunngi svaret med døme frå filmen.

  2. I reklamefilmen er det brukt kontrast som verkemiddel. Beskriv nokre av kontrastane. Kva trur du avsendar ønskjer å oppnå ved å bruke dette verkemiddelet? Kva for ei retorisk appellform meiner du er mest brukt i reklamefilmen? Grunngi svaret ditt med døme frå filmen.

  3. Reflekter over kva slags påverknadskraft ein slik reklamefilm kan ha på ulike målgrupper.

Svaret bør samla sett vere på 250–300 ord.

Døme 2: Les eit utdrag frå ein roman

Vedlegg: Utdrag frå romanen Anna. Ein fabel om klima og miljø  (2013) av Jostein Gaarder

  1. Kva snakkar Anna og psykiateren om? Forklar med eigne ord.

  2. Gjer greie for korleis psykiataren blir beskriven i teksten. Bruk tre døme frå teksten som viser korleis han blir beskriven. Korleis tolkar du psykiataren ut frå personskildringane i teksten?  

  3. Kan samtalen med psykiataren vere til hjelp for Anna? Grunngi svaret ditt. 

Svaret bør samla sett vere på 250-300 ord.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2021). Eksempeloppgaver i norsk, yrkesfag vg2. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/eksempeloppgaver/eksempeloppgaver-norsk-yrkesfag-vg2/ (Krev passord).

2) Skriveoppgåva utan tekstvedlegg

I skriveoppgåva utan tekstvedlegg får du oppgitt ei oppgåveformulering å svare på. I svaret ditt skal du vise at du kan skrive ein tekst med god struktur og tekstbinding.

Du kan få oppgåver som handlar om utdanningsprogrammet ditt eller oppgåver der du blir beden om å skrive innanfor ein viss sjanger.

Oppgåva ber deg bruke cirka 400–600 ord i svaret ditt.

Tre døme

Døme 1: Skriv skjønnlitterært

Skriv ein tekst der du bruker språklege og litterære verkemiddel. Teksten skal handle om klima og miljø, og han skal gå føre seg i framtida. Du kan til dømes skrive ei kort forteljing eller byrjinga på ein roman. Lag tittel sjølv.

Skriv cirka 400–600 ord.

Døme 2: Skriv eit formelt brev

Sjå for deg at du er verneombod på arbeidsplassen din og er vitne til at arbeidsgivar bryt HMS-reglane.

Skriv eit formelt brev eller ein formell e-post til Arbeidstilsynet der du gjer greie for to–tre brot på HMS-reglane på arbeidsplassen din. Forklar kva konsekvensar desse brota kan ha. Ta utgangspunkt i eige utdanningsprogram eller det framtidige yrket ditt.

Ikkje bruk ditt eige namn i brevet/e-posten, men lag deg eit oppdikta namn.

Skriv cirka 400–600 ord.

Døme 3: Beskriv ei arbeidsoppgåve

Ein vg1-elev som tek same utdanningsprogram som deg, skal utføre ei praktisk arbeidsoppgåve som er vanleg i yrkesfaget ditt.

Skriv ein tekst der du på ein presis måte beskriv korleis denne eleven skal utføre arbeidsoppgåva. Det skal komme tydeleg fram i teksten kva som er utgangspunktet for arbeidsoppgåva, kva slags utstyr eleven eventuelt må bruke, og korleis hen kan utføre arbeidet. Bruk relevant fagspråk og døme frå eige utdanningsprogram. Lag ei passande overskrift.

Anbefalt ordmengde: 400–600.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2021). Eksempeloppgaver i norsk, yrkesfag vg2. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/eksempeloppgaver/eksempeloppgaver-norsk-yrkesfag-vg2/ (Krev passord).

3) Skriveoppgåva med tekstvedlegg

Skriveoppgåva med tekstvedlegg liknar på mange måtar leseoppgåva. Som i leseoppgåva skal du vise at du har lese og forstått innhaldet i eit vedlegg.

Men i tillegg får du ei ekstra oppgåve som ber deg reflektere sjølvstendig over temaet i vedlegget. Her er det viktig at du viser evne til å formidle eigne tankar og resonnement på ein klar måte. Teksten din bør ha god struktur med innleiing, hovuddel og avslutning. Du bør òg bruke avsnitt på ein formålstenleg måte.

Oppgåva ber deg bruke cirka 400–600 ord i svaret ditt.

Tre døme

Døme 1: Reflekter over korleis ein arbeidsplass kan bli meir klimavennleg

Vedlegg: Bjartnes, J. mfl. (2009). Grøne innkjøp. Klimavennlige handlinger på arbeidsplassen. Gyldendal Arbeidsliv.

Les teksten "Grøne innkjøp".

Ta utgangspunkt i vedlegget og skriv ein tekst der du først gjer greie for kva grøne innkjøp betyr. Reflekter deretter over korleis ein arbeidsplass innanfor utdanningsprogrammet ditt kan bli meir klimavennleg. 

Lag overskrift sjølv. 

Anbefalt ordmengde: 400–600

Døme 2: Reflekter over korleis ein artist kan auke forståinga for det samiske

Les tekstvedlegget "Jeg lever med følelsene utenpå kroppen".

Gjer greie for kva Ella Marie Hætta Isaksen seier om å vere samisk i eit samfunn der norsk kultur er i majoritet. Reflekter over korleis artistar som Hætta Isaksen kan bidra til ei auka forståing av kva samisk kultur er.

Skriv cirka 400–600 ord.

Døme 3: Reflekter over kulturmøte og TV-serien Norsk-ish

Sjå utdrag frå TV-serien Norsk-ish.

Skriv ein tekst der du først gjer greie for korleis utdraget frå TV-serien framstiller eit møte mellom ulike kulturar. Reflekter deretter over kvifor kulturmøte kan skape utfordringar.   

Lag overskrift sjølv. 

Skriv cirka 400–600 ord.

 Kilde

Utdanningsdirektoratet (2021). Eksempeloppgaver i norsk, yrkesfag vg2. https://www.udir.no/eksamen-og-prover/eksamen/eksempeloppgaver/eksempeloppgaver-norsk-yrkesfag-vg2/ (Krev passord).

Steg 2: Korleis svare godt på leseoppgåva?

Lærar hjelper elevar i klasserommet. Ein lærar står overfor to elevar og peikar på eit ark med ein blyant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er det eigentleg som er forventa av deg når du skal svare på leseoppgåva? Finn ut av dette ved å

  • lese og diskutere oppgåva med andre i klassen

  • lese og diskutere vurderingskriterium

  • lese og diskutere gode modelltekstar

  • øve deg på å skrive eit godt svar på ei av eksempeloppgåvene

  • få tilbakemelding av medelevar og lærarar

Ressursane under inneheld både øvingar, modelltekstar og oppgåver som skal hjelpe deg med å stille førebudd til leseoppgåva.

Relatert innhald

Steg 3: Korleis svare godt på skriveoppgåvene?

Vi foreslår at du følgjer dei same råda som i steg 2 når du skal førebu deg til skriveoppgåvene. Under finn du ressursar som skal hjelpe deg med det:

Relatert innhald

Steg 4: Samanfatt styrkane og svakheitene dine

Hand med penn som skriv på et ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ein eksamenslogg der du noterer deg

  1. kva du får til og bør halde fram med når eksamen kjem

  2. kva du bør øve meir på til eksamen

  3. korleis du trur eksamensdagen blir

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2021