Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk språklege verkemiddel!

Eit lesarinnlegg er ein personleg tekst der du har lov til å vere subjektiv og setje ting litt på spissen. Dessutan er det viktig å fange interessa til lesaren og halde på ho. Derfor bør du utnytte dei moglegheitene språket gir, både til å vinne tillit og til å engasjere og vekkje kjensler.
Gammelt trehus med gress på taket og stabbur, Meldal i Trøndelag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Standardspråk eller dialekt?

Du kan velje eit meir nøytralt og formelt korrekt standardspråk, eller du kan bruke ein meir munnleg stil, kanskje med innslag av dialekt. Kva som passar best, kjem blant anna an på temaet du tek opp og på lesargruppa du vender deg til.

Kor personleg skal tonen vere?

Tenk gjennom val av pronomen: Skal du bruke du-form og vende deg personleg til lesaren, skal du bruke vi-form, eller skal du uttrykkje deg sakleg og generelt og velje det upersonlege ein?

Bruk plussord og minusord

Plussord og minusord er blant dei viktigaste språklege verkemidla i saktekstar. Bruk dei, men ikkje overforbruk dei, for i verste fall risikerer du at lesaren blir lei teksten din og mister tilliten til deg.

Humor og ironi

Humor er til vanleg ein utmerkt døropnar, uavhengig av om folk er samde med deg eller ikkje. Ironi og sarkasme slår nok best an hos dei som er samde med deg frå før.

Samanlikningar, språklege bilete og leik med ord

Er du flink til å finne treffande samanlikningar og til å leike med ord, bør du absolutt utnytte denne ferdigheita når du skriv lesarinnlegg! Ved å trekkje inn noko lesarane kjenner til frå før, syt du ikkje berre for attkjennande nikk, du kan også få lesarane til å sjå saka frå ei ny side.

Retoriske spørsmål

Retoriske spørsmål kallar vi spørsmål der svaret i grunnen er opplagt. Slike spørsmål fungerer likevel godt i eit innlegg fordi understrekar at skrivar og lesar er samde, og fordi dei vekkjer engasjement.

Bruk teiknsetjing aktivt!

Du kan godt vere litt meir raus enn vanleg med bruken av kolon, utropsteikn og spørsmålsteikn. Teiknsetjinga skal spegle at du er engasjert. Men ikkje overdriv – om det går inflasjon i skiljeteikn som «roper» til lesaren, vert han eller ho utmatta snarare enn oppildna. Sist, men ikke minst: Skiljeteikna må brukast korrekt: Punktum etter utsegn, spørsmålsteikn etter spørsmål og utropsteikn der du "hever røysta".

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Å skrive lesarinnlegg