Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Slik går du fram

CC BY-SA

Denne læringsstien er ein generell læringssti for lesing av ein roman. Du kan bruke han anten klassen har vald ein felles roman, eller du har valt roman individuelt. Somme oppgåver skal du gjere før du byrjar å lese, somme jobbar du med undervegs i lesinga. Enkelte oppgåver må vente til du er ferdig med romanen.

Læringsstien foreslår ein framgangsmåte du kan bruke for å analysere ein roman, og dei ulike deloppgåvene gir deg eit godt grunnlag for ein skriftleg analyse av romanen. Derfor blir du fleire gonger undervegs beden om å ta vare på småtekstane du skriv. Lag deg ei digital mappe og samle alt av tekstar og notat om romanen der.