Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Etterstilt eigedomsord

Når vi skal markere kven som eig noko, bruker vi eigedomsord, som for eksempel "mitt" og "ditt"

På nynorsk er hovudregelen at eigedomsordet skal stå etter substantivet. Det heiter altså ikkje “Avsendaren reklamerer for sitt produkt”, men “Avsendaren reklamerer for produktet sitt”.

Unntaket er sjølvsagt når eigedomsordet har trykk: “Dette er min cola, ikkje din!”

Dei same reglane gjeld i grunnen òg for bokmål, men på bokmål kan vi dessutan bruke framforstilt eigedomsord om vi ønsker ein meir formell eller høgtideleg tone: “Velkommen til vårt nye rådhus!”

Øving

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019