Hopp til innhald
Oppslagsverk og ordliste

Språk- og litteraturhistorisk tidslinje

Gå inn i dei ulike tidsperiodane i tidslinja og lær meir om tida som tekstane du jobbar med, har blitt skrivne i: Kva skjedde i samfunnet, og korleis påverka det som skjedde, språket og litteraturen? Kva for forfattarar var sentrale, og kva var dei opptekne av?
Tidslinje (Marthe)

Opne i nytt vindauge

Tidslinja skal hjelpe deg til å få ei oversikt over sentrale retningar, personar og hendingar i norsk språk- og litteraturhistorie. Litteraturhistorie handlar ikkje om å pugge ei mengde årstal og periodar – målet er å forstå korleis endringar i samfunnet påverkar både språk og litteratur. Periodeinndelingane og årstala er berre eit hjelpemiddel til å sortere informasjonen. Du skal prøve å forstå kva som skjer, og kvifor.

Bruk tidslinja med eit kritisk blikk

Ved å jobbe med oppgåvene vi har lagt inn nedst på sida, vil du få større innsikt i delar av norsk kulturhistorie. I tillegg ønsker vi at du skal reflektere over kva som kan vere problematisk med ei slik tidslinje:

  • Kvifor har periodane fått dei namna dei har?

  • Kva med årstala? Startar og sluttar ein tendens verkeleg ved eit hundreårsskifte, eller ved eit tiår?

  • Kva for forfattarar har fått plass her, og kvifor? Er det andre forfattarar som (også) burde ha vore med?

  • Kvifor står det mindre informasjon dess nærare vi kjem vår eiga tid?

Relatert innhald