Lag hypoteser og problemstilling etter lesinga
CC BY-SA 4.0Etter de har lese sagaen, skal de lage hypoteser og ei problemstilling de ønsker å utforske.
Du er no inne i ein læringssti:
Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge
Etter de har lese sagaen, skal de lage hypoteser og ei problemstilling de ønsker å utforske.
I denne ressursen vil du møte to måtar å velje emne og problemstilling på. Den eine vegen gir deg moglegheita til å velje emne og problemstilling til sagaen heilt fritt. Men om du synest det er vanskeleg å få det til utan hjelp, vil den andre vegen foreslå både tema og problemstillingar. Du finn dette i kollapsboksar under kvar oppgåve.
No skal de fordjupe dykk i eitt av temaa i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Målet er at de sjølv skal velje, men at de skal samarbeide med andre som er interesserte i det same temaet:
Skriv ned det temaet du synest vil vere mest interessant å fordjupe deg i om Sagaen om Gunnlaug Ormstunge på ein lapp. Skriv namnet ditt under.
Ein i klassen samlar inn alle lappane og skriv namn og tema på tavla.
Organiser grupper eller par ut frå temaa som står på tavla. Om nokon er aleine om eit tema, kan dei velje om dei vil jobbe aleine eller gå inn på ein av dei andre gruppene
Mannsrolla i norrøn tid
Kvinnerolla i norrøn tid
Kjønnsroller i norrøn tid
Heltar og ideal
Skam og ære i ættesagaer og i dag
Tru og overtru hos vikingane
Korleis løyste vikingane konfliktar?
Familien i sagalitteraturen og i dag
Kjærleik i sagalitteraturen
Er sagaene sanne?
No er de sett saman i grupper, par eller jobbar aleine ut frå kva tema de har valt. Vidare er målet å lage både ein hypotese og ei problemstilling om temaet de skal utforske. Det som er viktig, er at de lagar ein hypotese som er mogleg å støtte eller avkrefte og ei problemstilling de kan finne eit svar på ved å lese primær- og sekundærlitteratur.
Lag ein eller fleire hypotesar om emnet de/du skal utforske. Hypotesane skal ta utgangspunkt i historia om Gunnlaug Ormstunge.
Lag ei problemstilling til emnet. Problemstillinga skal ta utgangspunkt i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.
Få læraren til å sjå på hypotesen og problemstillinga for å rettleie dykk vidare eller godkjenne dei.
Kvinner i sagalitteraturen kunne ikkje bestemme noko over eige liv.
Kvinner i sagalitteraturen hadde fridom til å gjere som dei ville.
Mannlege heltar i sagalitteraturen var aldri feige.
Dei islandske ættesagaene viser at vikingane var svært opptekne av ære og skam.
Hemn var eit viktig motiv i ættesagaene.
Alle konfliktar i sagaene blei løyste ved holmgang.
Alt som står i sagaene, har skjedd i røynda.
Er Helga typisk for kvinnerolla i sagalitteraturen?
Korleis var kvinnerolla i vikingtida samanlikna med i dag?
Liknar heltane i norrøne sagaer på helteideala våre i dag?
Kva kan Sagaen om Gunnlaug Ormstunge seie oss om måten vikingane løyser konfliktar på?