Hopp til innhald

Fagstoff

Kommentert tekst: Fagartikkel om Henrik Wergeland

Sjå nærare på ein fagartikkel og få skrivetips. Eksempelteksten handlar om diktaren Henrik Wergeland og er skriven av elev Maline Salicath Gordner.
Ung mann sit ved eit vindauge og ser ut. Framfor han står ei potte med ein plante.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksempelteksten

Les eller lytt til fagartikkel som ein elev har skrive. Sjå deretter filmen med gjennomgang av artikkelen. Kommentarane der kan vere nyttige for deg når du skriv sjølv.

Døme på fagartikkel

Fagartikkel om Henrik Wergeland

0:00
-0:00

Skriven av Maline Salicath Gordner

Henrik Wergeland

Henrik Wergeland må ha trådd inn i verda vår på det rette beinet. Når andre såg vinden rive og slite i tretoppane, såg han alle regnbogens fargar kvervle rundt greinene i ein vill leik. Og når andre hylande søkte ly for det piskande regnet, vende han ansiktet mot himmelen og lét vatnet omgi han. Kanskje var blodet som strøymde gjennom årene hans, litt varmare enn det som rann i årene til andre.

Henrik Wergeland var ein mann med eit stort hjarte som hadde plass til å romme tallause kjensler. Wergelands kjensleprega sjeleliv bar frukter som allmenta naut godt av i samtida hans, og som ho framleis nyt godt av i dag, i form av den framifrå diktinga hans. Som Thorvald Steen skriv i teksten ”W” i Lesebok frå 1994, var det ingen som kunne uttrykke kjensler og skjønnheita til naturen på ein sterkare og meir fullkommen måte enn Wergeland sjølv. I dette avsnittet skil han seg klart frå motpolen og motstandaren sin, diktaren Johan Sebastian Welhaven. Hans dikting var prega av eit melankolsk og sorgfullt sinn og hadde ofte fokus på dei mørkare og kaldare sidene ved sjelelivet. Desse to samtidige diktarane, to av dei største Noreg har husa, kan stå fram som representantar for ytterpunkta av det menneskelege kjenslespekteret: den mørkaste fortvilinga og resignasjonen på den eine sida, og den djupaste gleda og fullkommenskapen på den andre.

Som Thorvald Steen understrekar i ”W”, stod våren høgt i kurs hos Wergeland. Han vigde denne årstida stor plass i diktinga si, og ”Til Foraaret”, som heilt enkelt omhandlar skjønnheita i våren, er eitt av Wergelands kjæraste dikt. Wergeland låg på dødsleiet då han skreiv teksten, og det kan hende at han derfor opplevde våren endå meir intenst enn elles. For Wergeland var våren den fullkomne tida der alt det han elska så høgt – fuglar, blomstrar, tre – igjen vakna til live i éin fantastisk eksplosjon av livslyst. Wergeland var i det heile svært glad i naturen, den minste vesle blomen i ein vegkant kunne framkalle sterke kjensler og vakker diktekunst hos han. Han var dessutan ein dyrekjær mann som hadde mange fine stunder saman med hesten Veslebrunen.

Jødeparagrafen i den norske grunnlova vekte frustrasjon og avsky i Wergelands kjenslevare sinn. Av Thorvald Steens tekst kjem det fram at det spesielt var éi hending som vekte desse kjenslene til live: Ein jødisk sjømann berga så vidt livet under eit forlis, ved å nå norsk jord. Han blei send ut av landet få dagar etter ulykka, på grunnlag av jødeparagrafen. Wergeland byrja kort tid etter dette på arbeidet sitt for å få fjerna paragrafen, som nekta jødar opphald i Noreg. Dette var ei oppgåve diktaren la heile sjela si i, og som til slutt resulterte i at jødeparagrafen forsvann ut av den norske grunnlova. Henrik Wergeland var utan tvil ein svært samfunnsengasjert mann som visste å bruke diktartalentet sitt til å få sett saker på dagsorden.

Henrik Wergeland blir framleis rekna for å vere ein av Noregs nasjonaldiktarar, og både hans verk og hans liv er skulepensum for norske barn og ungdommar. Ein kan spørje seg om Wergeland framleis er aktuell i dag, eller om det kraftige biletspråket og dei sterke kjenslene i dikta hans gjer dei for utilgjengelege for dagens unge. På den eine sida kan det gammaldagse og høgtidelege språket, kombinert med ein framstillingsmåte som kan verke skjønnmålande og overdriven, gjere Wergelands dikting vanskeleg å lese. Nokre av Wergelands dikt, som til dømes ”Til Foraaret” og ”Til min Gyldenlak”, kan i verste fall stå fram som reint romantisk vås for dagens unge.

På den andre sida kan vi ikkje komme bort frå at Wergeland i sin engasjerte ånd òg skreiv dikt om diskrimineringa av jødane i Noreg og om andre samfunnsspørsmål han var oppteken av. Men problema han skreiv om, kan i dag verke så godt som løyste i vår del av verda, og mange vil kanskje heller lese dikt som tek opp meir dagsaktuelle problemstillingar, det vere seg global oppvarming, terrorangrep eller avskogning. Dei synest derfor at Wergeland kan utstyrast med eit utgått-på-dato-stempel, til liks med mange andre forfattarar.

Dersom vi tek ein nærare kikk på dagens diktarar og samanliknar deira temaval med Wergelands, vil vi sannsynlegvis finne ei rekke likskapstrekk. Dagens diktarar skriv slett ikkje berre om tema som er unike for samtida vår, for visse tema er universelle og aktuelle for alle menneske og til alle tider. Wergeland tek opp fleire slike tema i diktinga si, mellom anna er kjærleiken eit gjennomgangstema i Wergelands dikt, og det same er skjønnheita og fullkommenskapen til naturen. Dessutan skriv Wergeland om menneskerettar og rasisme i fleire av dikta sine, eit tema som så absolutt er aktuelt også i dagens samfunn.

Men det er ikkje berre Henrik Wergelands dikt som framleis kan ha relevans. Også han som person kan vere både ei inspirasjonskjelde og eit førebilete for mange. Gjennom heile livet fokuserte Wergeland på det gode i verda, og han kjempa for auka rettferd og likeverd i samfunnet. Verda vår blir stadig kaldare og meir kynisk, og det kan vere sunt for unge nordmenn å ha eit nasjonalt førebilete som fryktlaus og engasjert slost mot urettferd og likegyldigheit.

Sjølvsagt er det mange andre kjende norske personlegdommar som òg har utmerkt seg på dei same områda som Wergeland, men den livsglade diktaren har ein eigen plass i norske hjarte. Det må vere noko heilt spesielt som gjer at Wergeland stadig har noko å fortelje oss, sjølv om åra går. Denne x-faktoren kan godt vere eit brennande samfunnsengasjement eller eit fantastisk diktartalent. Men personleg trur eg at det er noko anna. Eg trur at det som gjorde Henrik Wergeland unik, var at kvar nerve i kroppen hans sitra av livsglede i kvart einaste sekund av livet hans, og kvart einaste hjarteslag dirra av livslyst. Uheldigvis døydde Henrik Wergeland altfor ung, men han opplevde og skapte sannsynlegvis meir i desse få åra enn dei fleste av oss ville makta i løpet av eit langt liv.

Gjennomgang av artikkelen

Kjelde brukt i fagartikkelen

Steen, T. (1994). W. I O. Grepstad, K.-E.Kallset, E. Nordlund, T. Steen & S. Ørnhøi (Red.). Lesebok 1994 (s. 54–56). Nei til EU, i samarbeid med Det Norske Samlaget.

Lenkje til tekst på nb.no

CC BY-NC-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Å skrive fagartikkel