Hopp til innhald

Fagstoff

Jekketralle

Jekketraller, eller pallejekker som dei òg blir kalla, er eit manuelt arbeidsutstyr som blir brukt til å flytte palletert gods innan transport, varehandel, lager, industri og andre næringar.
Ei jekketralle med oransje gaflar står på eit lager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei jekketralle består av to hovuddelar. Framme er det ein massiv del i stål med støttebein og påmonterte framhjul, som blir trilla inn i gaffel-lommene på pallen. Bak er det påmontert ein del med styrehjul, hydraulisk jekk og leiearm/handtak. Med denne kan vi styre tralla, med litt same prinsipp som på ein sykkel.

Støttebeina blir førte inn i gaffel-lommene på pallen. Støttebeina blir løfta når ein tek leiearmen/handtaket opp og ned. Då aktiverer ein den hydrauliske jekken som sit over styrehjulet, og løftesylinderen løftar støttebeina/gaffelarmane. Dermed blir pallen løfta opp frå underlaget/golvet.

Når du skal sleppe pallen ned, bruker du ein hendel i styret. Då blir hydraulikkolja sleppt ut av løftesylinderen, og pallen blir senka. Dette er det same prinsippet som i løftesylinderen på ein gaffeltruck. Trallen styrer du med leiearmen/styret.

To menn lossar varer frå ein lastebil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På eit flatt golv skal det lite kraft til for å flytte ein ganske tung pall med jekketralle. Om golvet hallar, blir det derimot veldig tungt å dra pallen i oppoverbakke og tilsvarande tungt å halde att eller bremse ei jekketralle med last i utforbakke. Det er berre di eiga kraft og vekt som flyttar og held att jekketralla; ho har verken motor eller bremsar.

Når ein bruker jekketralle, må ein altså vere veldig obs på hellingsvinkelen på underlaget, spesielt ute på vegen/gata eller løftelemmen på ein lastebil.

Ein mann med refleksjakke dyttar ei jekketralle med ei stor betongkloss over på bakløftaren på ein lastebil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei vanleg jekketralle kan løfte cirka 2 tonn, nokon kan løfte meir.

CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 08.07.2021

Læringsressursar

Manuelt arbeidsutstyr