Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førstehjelp ved hodeskader

Ein hovudskade kan ha fatale konsekvensar for ein person. Alle former for slag mot hovudet kan gi hovudskade. Det kan vere vanskeleg å vite kor alvorleg skaden er, så be om hjelp tidleg. Kunnskap om hovudskadar kan bidra til at du gir ei meir optimal førstehjelp.
Ein ung gut utan hjelm ligg på asfalten med ein sykkel over seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Finn ut kva som kan skje ved ein alvorleg hovudskade.
  2. Finn ut kvifor personar med alvorleg hovudskade blir lagde inn på sjukehus.
  3. Hjerneristing kan oppstå sjølv ved ein mild hovudskade. Kva er typiske symptom på hjerneristing?
  4. Finn ut korleis ein skal behandle ein person med hjerneristing.
  5. Finn ut kva som kan vere konsekvensane viss ein person med hjerneristing ikkje følgjer anbefalte råd ved hjerneristing.

Gruppeoppgåver

  1. Gå saman to og to, og diskuter korleis de vil vurdere om ein person har pådrege seg ein hovudskade.
  2. De har no vurdert at personen har ein hovudskade. Diskuter kva tiltak de ville sett i verk.

Relatert innhald

Alle former for slag mot hovudet kan gi hovudskadar som hjerneristing, bløding på innsida av skallen eller brot i skallen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Holst.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2020

Læringsressursar

Førstehjelp og skadestadsleiing