Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av kredittkort

Eit alternativ til å kjøpe ting på avbetaling når vi ikkje har pengar, er å bruke eit kredittkort.
Samling av ulike typar kredittkort. Foto.

Eit kredittkort vil seie at ein bank eller ein annan finansinstitusjon har gitt oss lov til å "handle utan pengar" fordi banken eller finansinstitusjonen betaler for oss.

I praksis er det ikkje stor skilnad på å kjøpe på avbetaling eller å betale med kredittkort, men det kan vere litt ulike vilkår.

Døme

Vi ønskjer å kjøpe eit TV-apparat som kostar 14 999 kroner. Vi har eit kredittkort frå ein bank der vilkåra for bruken er slik:

  • Årsavgifta for kredittkortet er 0 kroner.
  • Kjøpesummen skal betalast tilbake over maksimalt 12 månader med 12 like innbetalingar.
  • Det er ikkje noko månadsgebyr.
  • Nominell årsrente er 16,88 prosent.

Sidan vi skal betale tilbake i like avdrag, vil dette lånet vere eit annuitetslån akkurat som avbetalingsordninga på sida Annuitetslån: avbetaling (ndla.no).

Kva vil dette lånet koste oss, og kor mykje skal vi betale kvar månad?

Tips 1

Du kan bruke reknearket frå sida Annuitetslån: avbetaling (ndla.no) som eit utgangspunkt. Se også Annuitetslån med rekneark (ndla.no).

Tips 2

Du må rekne ut månadsrenta. Sjå sida Lån (ndla.no). Legg inn ei ekstra rad i reknearket slik at du har plass til både årsrenta og månadsrenta.

Tips 3

Vi veit ikkje kva den faste, månadlege innbetalinga skal vere. Ho skal vere noko mindre enn ein tiandedel av lånesummen sidan vi skal betale i 12 avdrag. Vi kan derfor prøve med 1 500 som fast månadleg innbetaling først.

Løysing

Vi må rekne ut månadsrenta først. Då kan vi skrive =16,88/12.

Med 1 500 kroner som fast innbetaling er vi ferdige med lånet etter 11 innbetalingar, og det siste avdraget blir på 1 279,29 kroner. Vi treng ikkje betale inn så raskt, så vi prøver oss fram for å finne den faste innbetalinga som gjer at vi får 12 like avdrag.

Rekneark med utrekning av nedbetalingsplan ved kjøp med kredittkort der kjøpesum i kroner, 14999, fast innbetaling i kroner, 1367,12, rentefot i prosent per år, 16,88, rentefot i prosent per månad, 1,41 og månadsgebyr i kroner, 0, er skrivne inn. Ut ifrå dette er oversikt over terminbeløpa rekna ut. På kvar rad er det sett opp ein kolonne med innbetalingsnummer, ein kolonne med innbetalinga, ein kolonne der månadsrenta er rekna ut, ein kolonne med månadsgebyret, ein kolonne der sum til avdrag er rekna ut, og ein kolonne der restlånet er rekna ut. Etter innbetaling nummer 12 er talet i kolonne F for restlånet på 0,08 kroner, altså så godt som null. Summen av kostnadene for lånet er rekna ut i celle C 24 og er på 1406,52 kroner. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Formelvising av rekneark med utrekning av nedbetalingsplan ved kjøp med kredittkort der kjøpesum i kroner, 14999, fast innbetaling i kroner, 1367,12, rentefot i prosent per år, 16,88, rentefot i prosent per månad, 1,41 og månadsgebyr i kroner, 0, er skrivne inn. Ut ifrå dette er oversikt over terminbeløpa rekna ut. På kvar rad er det sett opp ein kolonne med innbetalingsnummer, ein kolonne med innbetalinga, ein kolonne der måndadsrenta er rekna ut, ein kolonne med månadsgebyret, ein kolonne der sum til avdrag er rekna ut, og ein kolonne der restlånet er rekna ut. Summen av kostnadene for lånet er rekna ut i celle C 24. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med eit fast månadsbeløp på 1 336,80 kroner er lånet så godt som betalt tilbake etter 12 terminar. Summen nedst viser at lånet kostar oss 1 042,67 kroner.

Til diskusjon

Samanlikna med kva det kostar å kjøpe TV-apparatet på avbetaling (sjå sida Annuitetslån: avbetaling (ndla.no)), vart dette ein del rimelegare. Kva kan grunnen til det vere? Sjå òg sida Annuitetslån med rekneark (ndla.no).

Mogleg forklaring

Du må søkje banken om å få kredittkort. Dersom du har dårleg økonomi (låg inntekt, stor gjeld frå før eller store utgifter), er det ikkje sikkert banken vil gi deg eit slikt kredittkort. Krava for å få godkjent ein avtale om avbetaling er nok enklare, men det kostar meir sidan forretninga som gir deg avbetaling, tek ein større risiko.

Finn nettsida til ein bank, og skriv opp kva slags vilkår dei har både for å få kredittkort og for å bruke det. Lat som at du bruker kredittkortet til å kjøpe TV-apparatet i dømet, og finn ut kva kjøpet kostar deg totalt.

Nedanfor kan du laste ned reknearket som er brukt på denne sida.

Filer

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2021

Læringsressursar

Kredittkort og lån