Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Straum, spenning, resistans og elektrisk effekt

Desse omgrepa er viktige i mange samanhengar.

Innleiing

Aktuelt bakgrunnsstoff: Effekt og Ohms lov – likestraum.

Førebuing

a) Sjå på sida "Effekt" nemnd ovanfor og skriv ned formelen for samanhengen mellom elektrisk effekt P, elektrisk straum I og elektrisk spenning U i ein straumkrins.

b) Sjå på sida "Ohms lov – likestraum" og skriv ned den formelen vi kallar Ohms lov. Forklar kva symbola står for.

Oppgåve1: Kor mange panelomnar?

Kor mange panelomnar på 1 000 W kan du kople på ein straumkurs der sikringa er på 16 A?

Tips

Når straumkursen er på 16 A, er dette den maksimale straumen kursen kan levere. Kor stor effekt kan du få ut av straumkursen når den maksimale straumen er 16 A?

Oppgåve 2: Støvsuging

Gå på nettsidene til ein leverandør av kvitevarer (kvitevarer er hushaldsmaskinar som oppvaskmaskin, kjøleskap, komfyr og liknande). Finn ein litt kraftig støvsugar.

Kan denne støvsugaren koplast til ein stikkontakt som står i ein straumkurs som er sikra med 10 A sikring? Kor kraftig kan støvsugaren maksimalt vere?

Oppgåve 3: Lading av elbil frå vanleg stikkontakt heime

Ladeboks for elbil er plugga inn i ein vanleg utandørs stikkontakt montert på ein husvegg av tre. Ladeboksen heng i stikkontakten. Foto.

Du vil lade opp ein elbil heime, men har ikkje nokon eigen elbilladar. Finn ut kva krav som gjeld for å lade elbil frå vanleg stikkontakt, og bruk desse krava til å finne ut kor lang tid det tek å lade opp eit heilt tomt elbilbatteri med kapasitet 80 kWh.

Tips

Kor stor kan sikringa vere på straumkursen som elbilladaren skal koplast til?

Oppgåve 4: Formelrekning

  1. Bruk dei to formlane du skreiv opp i starten. Finn ein formel for den elektriske effekten P i eit apparat når du kjenner resistansen R og straumen I gjennom apparatet.
  2. Finn ein formel for resistansen R i apparatet ved å snu på formelen i oppgåve a). Vis korleis du reknar deg fram til svaret.
  3. Finn ein formel for straumen I gjennom apparatet ved å snu på formelen i oppgåve a). Vis korleis du reknar deg fram til svaret.
  4. Bruk dei to formlane du skreiv opp i starten. Finn ein formel for den elektriske effekten P i eit apparat når du kjenner resistansen R og spenninga U over apparatet.
  5. Finn ein formel for resistansen R i apparatet ved å snu på formelen i oppgåve d). Vis korleis du reknar deg fram til svaret.
  6. Finn ein formel for spenninga U over apparatet ved å snu på formelen i oppgåve d). Vis korleis du reknar deg fram til svaret.
  7. Bruk resultatet i oppgåve d) til å finne resistansen i ein panelomn som har ein effekt på 1 000 W. Forklar kva du gjer for å komme fram til svaret.
  8. Du kan finne svaret i oppgåve g) direkte ved å bruke ein av formlane ovanfor. Bruk denne formelen til å rekne ut svaret i g).
  9. Lag ei oppgåve der du kan bruke formelen i oppgåve c) til å finne svaret. Løys oppgåva.
CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2020

Læringsressursar

Utforskande oppgåver knytte til samfunnsliv