Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor mange egg?

Kor mange egg er det på pallane?
Kor mykje får produsenten betalt for egga?
Egg i gule brett stabla på pallar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innleiing

Studer biletet over, som viser to pallar med egg klare for transport. I hønsehuset blir egga samla inn og reingjorde før dei blir lagde i brett (gule på biletet). Bretta blir sette oppå kvarandre i stablar. På ein pall er det plass til eit visst tal stablar ved sida av kvarandre. Desse stablane utgjer ein etasje. I tillegg kan vi setje eit visst tal etasjar oppå kvarandre på pallen.

Bruk biletet og finn ut

  • kor mange egg det er per brett

  • kor mange brett det er per stabel

  • kor mange stablar det er per etasje

  • kor mange etasjar det er per pall

Fasit

På kvart brett er det 5 · 6 egg.
Det er 6 brett i kvar stabel (6 brett per stabel).
Det er 12 stablar i kvar etasje (12 stablar per etasje).
Det er 4 etasjar på kvar pall (4 etasjar per pall).

I oppgåvene nedanfor skal vi rekne på kor mange egg som står klare til sal her, og kor mykje produsenten vil få betalt for denne eggleveransen.

1. Kor mange egg er det totalt på pallane?

Det er to pallar.

Tips til korleis du løyser oppgåva.

Rekn først ut kor mange egg det er per brett.

2. Kva får produsenten betalt for desse to pallane med egg?

Eit egg veg i gjennomsnitt 63 gram.
Engrosprisen er 20,30 kr per kilo utan meirverdiavgift.
Kva blir oppgjeret for desse egga?
Meirverdiavgifta (mva.) er 12,5 prosent. Kva blir oppgjeret for egga inklusiv mva.?

Tips til korleis du løyser oppgåva

Finn først vekta på eitt egg i kilogram.

Her kan du til dømes bruke rekneark til å løyse oppgåva.

3. Direktesal

I tillegg til å selje egg til ein grossist sel denne produsenten òg egg direkte frå garden til privatkundar. Eitt brett egg kostar då 70 kroner inkludert mva.

a) Kor mykje får produsenten betalt viss alle egga i oppgåve 1 blir selde direkte til kundane?

Tips til korleis du løyser oppgåva

Bruk tal frå oppgåve 1 om talet på brett per pall.

b) Kor mykje blir beløpet eksklusiv mva.?

4. Kor mange stablar og etasjar?

a) Vi antek framleis at det er 6 brett i kvar stabel. Kor mange stablar blir det på ein pall viss produsenten har 4 000 egg?

Tips til korleis du løyser oppgåva

Rekn ut kor mange egg det er i éin stabel.

Oppgåva kan òg løysast ved å setje opp ei likning.

b) Kor mange etasjar blir dette når det er like mange stablar per etasje som i oppgåve 1?

Tips til korleis du løyser oppgåva

Dette kan løysast på tilsvarande måtar som i oppgåve a).

5. Fleire etasjar gir meir miljøvenleg transport

Transportøren seier det kan vere 5 etasjar på kvar pall. Kor mange egg vil det då bli plass til på pallen?

Tips til korleis du kan løyse oppgåva

Finn først ut talet på egg per etasje.

Løysingar

Oppgåve 1

Sidan det er 30 egg per brett, 6 brett per stabel og så vidare, må vi multiplisere alle tala.

30 egg· 6·12·4·2=17 280 egg

Oppgåve 2

Nedanfor kan du laste ned løysinga som eit rekneark.

Filer


Oppgåve 3 a)

Dette kan vi gjere på fleire måtar. Vi vil rekne ut talet på brett først. Det finn vi ved å dele det samla talet egg på talet på egg per brett.

17 280 egg30 egg/brett=576 brett

Salssummen for alle egga blir

576 brett·70 kr/brett=40 320 kr

Utfordring: Finn ein annan måte å rekne deg fram til svaret på.

Legg merke til at vi får riktig måleining på svara viss vi inkluderer måleiningane på tala vi reknar med. I den andre utrekninga kan vi forkorte "brett" mot "brett", og då står vi igjen med "kr".

Oppgåve 3 b)

Her kan vi nytte vekstfaktoren viss vi vil. Sidan meirverdiavgifta er på 12,5 prosent, vil det seie at vekstfaktoren blir

1+12,5100=1,125

I oppgåve a) er meirverdiavgifta inkludert. For å rekne oss tilbake til salspris utan mva. må vi dele på vekstfaktoren. Salsprisen utan mva. blir

40 320 kr1,123=35 903,83 kr

Oppgåve 4 a)

I éin stabel er det

30 egg/brett· 6 brett/stabel=180 egg/stabel

Talet på stablar blir

4 000 egg180 egg/stabel=22,2 stablar

Det blir 23 stablar til 3 000 egg (sjølv om den 23. stabelen ikkje er full).

Alternativ løysing: likning.

Vi set talet på stablar lik x. Vi veit at viss vi multipliserer talet på egg per brett med talet på brett per stabel og talet på stablar, skal svaret bli 4 000. Dette gir likninga

30·6·x = 4 000180·x180 = 4 000180x = 22,2

Oppgåve 4 b)

Her som i oppgåve a) kan vi setje opp ei likning. Men det er kanskje enklast å rekne ut svaret direkte? Vi må dele talet på stablar på talet på stablar per etasje.

22,2 stablar12 stablar/etasje=1,9 etasjar

Oppgåve 5

Vi kan nytte omtrent same utrekning som i oppgåve 1. Talet på egg blir
30 egg/brett· 6 brett/stabel· 12 stablar/etasje· 5 etasjar/pall=10 800 egg/pall

Vi kan òg løyse oppgåva ved å ta utgangspunkt i kor mange egg det er per pall i oppgåve 1 og så rekne ut talet på egg per etasje.

Takk til Edward G. Hagen, Elisabet Selås og Bente Elisabeth Ryen ved Skjetlein videregående skole for idéen til denne oppgåva.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst