Hopp til innhald
Oppslagsverk og ordliste

Fagomgrep i faget kultur og kommunikasjon

Her har vi samla omgrep som er nytta i faget kultur og kommunikasjon.

A

abstrakt
betyr "tenkt" eller "uhandgripeleg"; det motsette av konkret

B

beredskap
planlegging av tiltak for å handtere eventuelle uønskte hendingar

D

distribusjonseigenskapane til kommunikasjonskanalar
evna kommunikasjonskanalar har til å nå målgruppa

dynamisk kulturforståing
ei forståing av kultur som noko som blir skapt i møte med andre, og som er i stadig endring

E

eigde kanalar
kommunikasjonskanalar som ei bedrift eig sjølv, som nettsida, Facebook-sida og Instagram-kontoen til bedrifta.

empati
evne til å setje seg inn i veremåten og tankegangen til andre

etikk
læra om rett og gale

etisk dilemma
ein situasjon der du er usikker på kva som er etisk rett å gjere, og der det ikkje finst noka enkel løysing

etnisitet
kulturelt og sosialt definert gruppeidentitet som byggjer på felles opphav og kulturell bakgrunn

etos
argumentasjon som byggjer på truverd, og som heng saman med karakteren til personen som argumenterer; talar med etos er overtydande fordi talaren verkar truverdig

F

fordommar
fordomsfulle haldningar om personar baserte på kva gruppe eller kultur dei tilhøyrer, eller kva slags kjønn eller seksuell orientering dei har

fortente kanalar
når andre omtaler bedrifta di eller produkta dine, til dømes i ein avisomtale; kan òg vere vareprat, som når målgruppa omtaler produkta dine i ulike kanalar

G

globalisering
prosess der kontakten aukar på tvers av landegrenser, og der land blir knytte tettare saman, til dømes gjennom internasjonal handel

gråsone
situasjon der det gjeldande regelverket ikkje er eintydig, og der det derfor er rom for tolking og etiske vurderingar

H

handlemåte
ein bestemt måte å gjere noko på

I

individualisme
tenking som vektlegg enkeltmennesket i motsetnad til fellesskapen

informativ appell
strategi for utforming av bodskapar som fokuserer på fordelar og eigenskapar ved eit produkt

interkulturell kommunikasjon
kommunikasjon mellom menneske frå ulike kulturelle fellesskapar

interkulturell kompetanse
evne til å tenkje og kommunisere føremålstenleg i møte med menneske frå andre kulturar

K

kjøpte kanalar
kommunikasjonskanalar der bedrifta kjøper plass, til dømes reklame

konsekvens
resultatet av ei handling

konsekvensetikk
ein type etikk som fokuserer på at utfallet av ei handling skal vere moralsk riktig; utfallet er altså viktigare enn handlemåten

konspirasjonsteoriar
alternative forklaringar som byggjer på samansverjingar og falske teoriar; kan mellom anna brukast til å påverke politikk

kulturlandskap
landskap som i større eller mindre grad er påverka av menneske

L

logos
argumentasjon som byggjer på sak og fakta

M

majoritet
det same som fleirtal, eit tal eller ei mengd som er større enn halvparten; det motsette av minoritet.

moral
normene, verdiane og haldningane som avgjer kva som er rett og gale eller godt og dårleg i eit samfunn

N

naturlandskap
landskap som i stor grad består av urørt natur

nonverbal kommunikasjon
kommunikasjon utan ord; blir òg kalla kroppsspråk

O

objektiv
betyr "sakleg", "upersonleg", "upartisk" og "allmenngyldig"; det motsette av subjektiv.

P

patos
argumentasjon som speler på kjenslene til mottakarane

pliktetikk
ein type etikk som fokuserer på at handlemåten skal vere moralsk riktig, uavhengig av konsekvensane

presentasjonseigenskapane til kommunikasjonskanalar
evna kommunikasjonskanalar har til å presentere ein bodskap, til dømes teknisk kvalitet, fargar, lyd, plassering og tidspunkt

R

reaksjonseigenskapane til kommunikasjonskanalar
evna kommunikasjonskanalar har til å framkalle reaksjonar

relasjonar
korleis ting eller menneske står i forhold til kvarandre

relatere
"forhalde seg til", "setje i relasjon til"

retorikk
læra om korleis ein taler på ein overtydande måte; ifølgje retorikken overtyder talaren gjennom sakleg argumentasjon (logos), truverd (etos) og kjensleappell (patos)

S

sjølvinnsikt
evne til å forstå sine eigne kjensler, ønske og behov, å vite kva ein sjølv ønskjer, vil og kan

sivilstand
forholdet ein person har til éin eller fleire andre personar, til dømes "einsleg", "sambuar", "gift" eller "enkje"

sosialisering
sosiale prosessar som gjer at vi lærer oss skrivne og uskrivne reglar i samfunnet

  • primærsosialisering: sosialisering som går føre seg i den næraste familien

  • sekundærsosialisering: sosialisering som går føre seg på skulen, blant venner og gjennom fritidsaktivitetar

sosiale konvensjonar
sosiale reglar og kodar for akseptabel åtferd i ei gruppe; å forstå konvensjonar gjer oss i betre stand til å kommunisere med andre

sosioøkonomisk status
sosial og økonomisk status

sprinklaranlegg
eit automatisk sløkkjeanlegg som sprøytar ut vatn etter at det er blitt utløyst av varmeutvikling

stereotypiar
fastlåste og generaliserte idear om ulike grupper av menneske, til dømes yrkesgrupper eller nasjonalitetar

T

transformative appellar
appellar som ikkje er direkte knytte til eit produkt, men som til dømes har som føremål å byggje opp under merket, vise kva ein kan oppnå ved å bruke produktet, få forbrukarar til å endre haldning eller prøve å vekkje kjensler hos mottakarane

U

urfolk
folkeslag som har levd i eit visst landområde før landegrensene blei etablerte, og som heilt eller delvis har halde på den tradisjonelle kulturen sin

uønskte tilsikta hendingar
ikkje ønskte hendingar som føreset menneskeleg vilje og motiv, slik som spionasje, sabotasje, terrorhandlingar og annan kriminalitet

uønskte utilsikta hendingar
naturulykker og andre ulykker som ingen er skuld i

V

varsling
å rapportere om kritikkverdige forhold, som brot på lover, reglar og etiske normer