Tverrfagleg oppgåve om Badesalt og skrubb UB
Om Badesalt og skrubb UB
Ungdomsbedrifta Badesalt og skrubb UB har følgjande forretningsidé:
«Vi skal selje badesalt og skrubb til menneske som er opptekne av helse og velvære. Produkta er laga lokalt med miljøvennlege ingrediensar.»
Ungdomsbedrifta skal sjølv blande saman badesalt av havsalt og lavendel og selje det i små glasflasker. Dei har funne lokale leverandørar, ein som vinn ut salt frå havvatn, og ein annan som dyrkar økologisk lavendel.
Dei har også fått ein avtale med eit lokalt hotell som er villig til å tilby produktet til kundane sine.
Dette er ei tverrfagleg oppgåve som kjem inn på tema frå alle programfaga på sal og reiseliv vg2. Ho eignar seg som ei individuell heildagsprøve med framføring, eller som ei gruppeoppgåve som går over noko tid.
Oppgåve 1 – Nettverkssamarbeid
Forklar kva som blir meint med eit nettverk.
Gi konkrete døme på kven Badesalt og skrubb UB kan ha i nettverket sitt. Teikn gjerne opp nettverket.
Forklar korleis Badesalt og skrubb UB kan ha nytte av eit nettverkssamarbeid når dei skal skrive forretningsplanen og planleggje ein marknadsføringskampanje.
Gi konkrete døme på korleis Badesalt og skrubb UB kan få støtte til profesjonell og fagleg utvikling gjennom nettverket sitt.
Oppgåve 2 – Forretningsmodell/forretningsplan
Forklar kvifor det er viktig å utarbeide ein forretningsmodell/forretningsplan.
I den vedlagde artikkelen Kva er ein forretningsmodell får de ei innføring i bruk av Business Model Canvas. Skriv av modellen og fyll ut for Badesalt og skrubb UB. Få med korleis dei tenkjer berekraft i alle ledd av ungdomsbedrifta.
Oppgåve 3 – Marknadsføringskampanje
Med utgangspunkt i forretningsidéen og forretningsplanen skal de planleggje ein marknadsføringskampanje for Badesalt og skrubb UB. I arbeidet med marknadsføringskampanjen skal de
beskrive målgruppa
forme ut bodskapen
velje ut relevante kommunikasjonskanalar
forklare korleis de tek omsyn til forbrukaråtferd og medievanane til målgruppa
Aktuelle kompetansemål
Forretningsdrift
utvikle, presentere og vurdere ein forretningsplan ut frå eit berekraftperspektiv
reflektere over og forstå korleis berekraft blir teke omsyn til i ei verdikjede
Innovasjon og marknadsføring
planleggje og gjennomføre ein marknadsføringskampanje til ei sjølvvald målgruppe og presentere korleis forbrukaråtferda og medievanane til denne målgruppa er tekne omsyn til
Kultur og kommunikasjon
utforske korleis nettverk og nettverkssamarbeid kan gi støtte for profesjonell og fagleg utvikling
utforske ulike kommunikasjonskanalar og kommunisere munnleg og skriftleg med ulike målgrupper