Nettverkssamarbeid på praksisplassen
Utforsk nettverk og nettverkssamarbeid på praksisplassen.
Kva er ei bransjeforeining? Kva for nokre er aktuelle for praksisplassen, og er bedrifta med i nokon av dei?
Samarbeider bedrifta med andre i same bransje, utover ein eventuell medlemskap i ei foreining? På kva måte, i så fall?
Samarbeider bedrifta med aktørar i andre bransjar? På kva måte, i så fall?
Nyttar dei tilsette LinkedIn for nettverksbygging?
Blir det arrangert ulike kurs, samlingar og konferansar som dei tilsette kan delta på?
Er bedrifta medlem i nokon store organisasjonar, som til dømes NHO Service og Handel eller Innovasjon Norge? Kvifor har dei i tilfelle valt å vere medlem?
Synest du praksisplassen har formålstenlege nettverk og nettverkssamarbeid? Grunngi.
Kva blir meint med profesjonell og fagleg utvikling i ei bedrift? Korleis kan nettverk og nettverkssamarbeid bidra til profesjonell og fagleg utvikling på praksisplassen din? Grunngi.