Hopp til innhald
Rettleiing

Forslag til årsplan, engelsk SF

Engelsk SF på NDLA inneheld eit breitt utval av ressursar, og alle er ikkje tekne med i denne årsplanen. Gjer deg kjend med ressursane som finst på NDLA, slik at du kan tilpasse årsplanen etter interessene og behova til elevane dine.

Ressursane og strukturen vi har foreslått i denne årsplanen, legg til rette for at elevane skal kunne

  • reflektere kritisk og sjølvstendig

  • vurdere den språklege og kulturelle innverknaden til ulike land frå ein historisk ståstad

  • studere ulike litterære tekstar for betre å forstå kulturen og samfunnet i det aktuelle landet

  • utvikle si eiga språkforståing

  • utvikle evna til å skrive gode og strukturerte tekstar

  • utvikle evna til å nytte kjelder på ein korrekt måte

Berre dei mest sentrale kompetansemåla frå læreplanen er tekne med i årsplanen. Alle kompetansemåla finn du her:

Kompetansemål, engelsk SF

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke eigna strategiar i språklæring, tekstskaping og kommunikasjon

  • bruke eigna digitale ressursar og andre hjelpemiddel i språklæring, tekstskaping og samhandling

  • bruke mønster for uttale i kommunikasjon

  • lytte til, forstå og bruke akademisk språk i arbeid med eigne munnlege og skriftlege tekstar

  • uttrykkje seg nyansert og presist med flyt og samanheng, idiomatiske uttrykk og varierte setningsstrukturar tilpassa formål, mottakar og situasjon

  • gjere greie for argumentasjonen til andre og bruke og følgje opp innspel frå andre i samtalar og diskusjonar om ulike emne

  • bruke kunnskap om samanhengar mellom engelsk og andre språk eleven kjenner til i eiga språklæring

  • bruke kunnskap om grammatikk og tekststruktur i arbeid med eigne munnlege og skriftlege tekstar

  • lese, diskutere og reflektere over innhald og verkemiddel i ulike typar tekstar, inkludert sjølvvalde tekstar

  • lese, analysere og tolke engelskspråkleg skjønnlitteratur

  • lese og samanlikne ulike sakprosatekstar om same emne frå forskjellige kjelder og kritisk vurdere kor pålitelege kjeldene er

  • bruke ulike kjelder på ein kritisk, formålstenleg og etterretteleg måte

  • skrive ulike typar formelle og uformelle tekstar, inkludert samansette, med struktur og samanheng som beskriv, diskuterer, grunngir og reflekterer, tilpassa formål, mottakar og situasjon

  • vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå faglege kriterium og kunnskap om språk

  • beskrive sentrale trekk ved framveksten av engelsk som verdsspråk

  • utforske og reflektere over mangfald og samfunnsforhold i den engelskspråklege verda ut frå historiske samanhengar

  • diskutere og reflektere over form, innhald og verkemiddel i engelskspråklege kulturelle uttrykksformer frå ulike medium, inkludert musikk, film og spel

Forslag til årsplan