Hopp til innhald

Fagstoff

Kva bør du gjere for å førebu deg til eksamen?

Når du begynner å jobbe med eit fag, er det lurt om du set deg inn i kva som vil bli vurdert på eksamen. Det kan gi deg eit tydeleg mål å jobbe fram mot.
Ansikt omgitt av fargerike post-it-lappar. Foto.

Eksamensrettleiing og eksamenstrening på NDLA

Under emnet About English finn du nyttig informasjon om eksamen, om førebuingsmateriellet, om oppgåvetypane du vil møte, og mykje meir. Emnet inneheld også oppgåvesett som liknar dei du møter på eksamen. Dei fleste av desse oppgåvene har fasit eller ei løysingsrettleiing. Vi håper dette blir nyttig for deg når du skal førebu deg.

Informasjon om eksamen på Udirs nettsider

Skriftleg eksamen i engelsk blir gitt sentralt og er den same for elevar i heile Noreg. Det er lurt å gjere seg kjend med ressursane som ligg på Utdanningsdirektoratets nettsider for eksamen. Der finn du generell informasjon om eksamen, eksamensrettleiing med vurderingskriterium, og dessutan tidlegare gitte eksamensoppgåver som du kan bruke for å øve. Gjer du deg godt kjend med det som ventar, kan eksamensdagen bli mindre stressande.

Sidan oppgåvene på Udir ikkje har fasit, kan det vere lurt å alliere seg med nokre andre i klassen, med læraren eller med andre du veit er flinke i engelsk, når du skal jobbe med oppgåvene. Då kan de diskutere det som er vanskeleg, og finne løysingar saman.

Passord for oppgåvene på Udir

Du treng passord for å komme til oppgåvene på Udir. Dette passordet blir frå tid til anna forandra. Søk på nettet eller spør læraren din for å få det nyaste passordet.

Kva slags oppgåver kan du vente å få?

Det er fire typar oppgåver på eksamen:

1. Lytting og lesing

Denne delen av eksamen består av lese- og lytteoppgåver. Du skriv ikkje svar sjølv, men vel frå ulike alternativ. Svara på denne delen av eksamen blir vurderte automatisk. For at denne oppgåvetypen skal kunne seie noko konkret om kompetansen din, må du svare på mange. Denne delen av eksamen består derfor av eit større tal korte oppgåver.

2. Vidareformidling av innhald

Her skal du lese eller lytte til ein tekst. Så skal du skrive din eigen tekst basert på det du har lese eller høyrt. Du kan bli beden om å skrive tekstar i ulike sjangrar, til dømes referat, e-post, brev og så vidare. Teksten du skal skrive, skal som regel vere på mellom 100 og 250 ord.

3. Samhandling

Her skal du gi eit svar på noko du har lese eller høyrt. Det kan vere ein diskusjon, eit foredrag, eit lesarbrev eller noko anna. Det som er viktig her, er at du viser at du forstår det du har lese eller høyrt, og at du kan bygge vidare på det. Du skal vise at du kan ta omsyn til det andre seier, og få fram kva du sjølv meiner. Svaret du skriv, skal som regel vere på mellom 100 og 250 ord.

4. Skriftleg produksjon

Skriftleg produksjon går ut på at du skal skrive ein lengre tekst om eit gitt emne. Du skal bruke det du har lært i faget, og vise at du kan tenke kritisk og reflektere. Du kan velje mellom fleire oppgåver, vanlegvis blir det gitt fire forskjellige.

Hugs at du igjennom året har lært å skrive fleire ulike typar tekstar, og at du bør få med det som er karakteristisk for den teksttypen du blir beden om å skrive. Det blir som regel ikkje sagt kor lang denne teksten bør vere, men ei lengd på mellom 600 og 850 ord er vanleg.

Kva hjelpemiddel har du lov til å bruke?

Dagen før eksamen blir kalla førebuingsdagen. Då vil du få tilgang til førebuingsmateriell. (Viss eksamen er på ein måndag, er førebuingsdagen på fredag.) Førebuingsmateriellet bør du bruke god tid på. Besøk gjerne NDLAs ressurs om førebuingsmateriell for å finne ut korleis du kan jobbe med dette.

På førebuingsdagen har du tilgang til alle hjelpemiddel, også internett. Då er det lurt å bruke tid på å finne kjelder du trur kan bli nyttige, slik at du kan ha desse med deg til eksamen.

På eksamensdagen er dei fleste hjelpemidla tillatne, men med nokre viktige unntak:

  • Du har ikkje lov til å kommunisere med andre under eksamen. Det betyr at du ikkje kan bruke samskriving, chat eller liknande.

  • Du kan ikkje bruke omsetjingsprogram.

  • Du kan ikkje bruke kunstig intelligens som chatbot eller tilsvarande teknologi.

Øv deg på å oppgi kjelder

Når du bruker kjelder, er det viktig at du oppgir dei i ei kjeldeliste.

Har du til dømes brukt noko du hugsar frå boka, bør du oppgi henne som kjelde.

Hugs at det er eit stort pluss å få vist at du kan bruke kjelder på ein god måte, så bruk tid på å lage kjeldeliste.

Det er berre kjelder andre kan finne igjen og bruke, som skal vere med på ei kjeldeliste. "Læraren sa det", eller "mitt eige hovud" skal derfor ikkje vere med på kjeldelista.

Øv deg på å skrive kjelder så tidleg som mogleg i skuleåret, slik at du blir vand til korleis det skal gjerast.

Bruk gjerne Kildekompasset for å finne ut korleis du oppgir kjelder på rett måte, eller besøk NDLAs nettsider om emnet.

CC BY-SASkrive av Tone Hesjedal.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024

Læringsressursar

Written exams