Hopp til innhald

Fagstoff

Førebuingsmateriell

Dagen før eksamen får du tilgang til førebuingsmateriell. Dette er tekstar og bilete som gir deg eit hint om kva du kan vente å få på eksamen.

Bruk førebuingstida godt!

Førebuingsmateriellet er ei samling tekstar som du får dagen før eksamen. Du får tid på skulen saman med medelevar og lærar til å jobbe med tekstane.

Tekstar med felles tema

Førebuingsmateriellet vil ha eit tema, som kommunikasjon, livsutfordringar eller verdiar. Tekstsamlinga inneheld til dømes dikt, noveller, romanutdrag, informasjon om film, faktatekstar, infografikkar, karikaturteikningar, teikneseriestriper eller kunstverk. Desse tekstane belyser temaet på ulike måtar.

Førebuing til skriveoppgåve

Førebuingsmateriellet er vanlegvis nyttigast for den delen av eksamen der du skal skrive eigen tekst. Ved å studere innhaldet får du hint om kva denne delen av eksamen kjem til å fokusere på. Du kan då begynne å tenke gjennom kva slags skriveoppgåver du kjem til å få.

Førebuingsmateriellet kan brukast som kjelder i seg sjølve. I tillegg kan du finne fram fagtekstar som du har jobba med gjennom året, og som handlar om same tema. Dei kan du også bruke som kjelder. Då har du eit godt utgangspunkt for å skrive ein lengre samanhengande tekst.

Skjønnlitteratur, filmar og kunst

Det er lurt å lese døma på skjønnlitteratur nøye. Tenk gjennom kva for karakterar du møter i tekstane, og kva det er ved tekstane som er relatert til temaet. Prøv å hugse annan skjønnlitteratur som du har jobba med, og som tek for seg same tema. Kanskje du også hugsar filmar eller kunstverk du har sett, og som passar inn tematisk? Pass på at du samlar tekstar og informasjon om filmar og kunstverk (med kjeldeopplysningar) og har dei med deg på eksamen. Då kan du bruke dei som kjelder når du får vite kva oppgåva er.

Det kan òg hende at du får ei oppgåve som handlar om å samanlikne ein av dei skjønnlitterære tekstane i materiellet med ein eller to andre tekstar du har lese. Prøv derfor å komme på andre tekstar du kan bruke i ei slik oppgåve.

Ofte vil materiellet innehalde foto frå filmar og nemne filmtitlar. Då er det ikkje meininga at du skal skunde deg og få sett alle filmane. I staden bruker du internett og finn ut kva dei ulike filmane handlar om. Men ver nøye med kva nettstader du hentar informasjonen frå!

Tenk så gjennom om du har sett andre filmar om same tema. Du vil ikkje bli bedd om å skrive om desse filmane på eksamen, men det kan vere at du skal skrive om karakterar som har gått gjennom noko av det same som karakterane i desse filmane. Hugs at du også kan skrive om filmar som du har sett på fritida. Det er ikkje nødvendig at du har jobba med dei på skulen.

Teikneseriar og karikaturteikningar

Dersom karikaturteikningar eller teikneseriar er tekne med i materiellet, er det lurt å studere dei grundig og tenke gjennom kva dei handlar om. Eit døme kan vere ei teikning som viser personar som har vanskeleg for å kommunisere med kvarandre. Kva kan då vere årsaka til problemet? Er det til dømes aldersforskjellar, statusforskjellar eller det at dei ikkje snakkar engelsk godt nok? På eksamen kan du få ei oppgåve der du skal drøfte kva som skaper kommunikasjonsproblem, og då kan du vise til dei ulike problema som teikningane skildrar. I tillegg kan du sjølvsagt nemne moglege årsaker som du har komme på sjølv.

Infografikk

Førebuingsmateriellet inneheld ofte infografikk. Slike illustrasjonar kan innehalde mykje nyttig informasjon og fungere som ei utmerkt kjelde på eksamen. Studer infografikken nøye, og snakk gjerne med ein medelev eller lærar om innhaldet.

Faktatekstar

Faktatekstar kan du bruke som kjeldetekstar. Les gjennom teksten: Kva kan du om dette frå før, kva bør du settee deg betre inn i dersom du skal skrive om temaet?

Bilete og kunstverk

Det kan vere lett å tenke at bilete og kunstverk er tekne med berre som illustrasjonar. Ta deg likevel tid til å sjå på dei òg. Kanskje dei kastar lys over temaet på ein annan måte enn dei andre tekstane?

Det nyttar å førebu seg!

Jobbar du godt med førebuingsmateriellet, slepp du å få lite hyggelege overraskingar når du ser oppgåvene på eksamensdagen. I tillegg kan du gå eksamen i møte med ei kjensle av at du er klar for det som ventar. Lykke til!

CC BY-SASkrive av Tone Hesjedal.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024

Læringsressursar

Written exams