Byggtekniske løysingar
Eldre bustader er ofte bygde med lite eller ingen isolasjon og med enkle vindauge. Med nokre tiltak kan ein senke oppvarmingsutgiftene. For å spare energi bør ein òg vurdere å byte ut dei elektriske apparata ein har i heimen.
Enkle energisparande tiltak
- etterisolere veggar og tak
- montere tettingslister rundt dører og vindauge
- byte vindauge og dører til dagens standard
- byte ut glødelamper med LED-lys
- senke innetemperaturen om natta
- bruke smart straumstyring
Når ein byggjer nytt, er det enklare å velje energiøkonomiske løysingar for bustaden sin. Dei siste åra har det vore mykje snakk om passivhus og plusshus, men det finst òg nullhus!
Passivhus | Nullhus | Plusshus | |
---|---|---|---|
Kjenneteikn | Passivhus er bygde med energisparing som mål. Husa bruker passive tiltak som god isolering, tjukkare veggar, varmeabsorberande overflater og mindre vindauge for å minimere bruken av elektrisk energi. | Nullhus skal i løpet av eit år produsere like mykje energi som dei bruker. Eit nullhus erklimanøytralt gjennom levetida si. | Plusshus produserer meir energi enn dei bruker. Overskotsenergien blir seld ut i marknaden. |
Det siste tiåret har det blitt bygd ein god del passivhus i Noreg. Null- og plusshus har fått lite merksemd, sjølv om slike nærast er standard i andre europeiske land. Dei låge straumprisane her til lands er ein del av forklaringa, men vi må rekne med høgare prisar òg i Noreg.
På grunn av at ein kan selje overskotsenergi ut i marknaden, og lågare prisar på straumproduserande solcellepanel, blir dei to mest energieffektive bustadtypane – nullhus og plusshus – stadig meir populære òg i Noreg.