Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kven har ansvaret for helsa di?

I Noreg har vi store valmoglegheiter. Derfor er det viktig å vere klar over at vala du tek, har konsekvensar for helsa di. Undersøk korleis ulike val påverkar deg, og korleis du blir påverka til å ta ulike val.
Ei jente sit på golvet i ein skulekorridor med bok over hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Ifølgje Folkehelseinstituttet lever 1 av 5 av med hjarte- og karsjukdom eller har høg risiko for å få ein slik sjukdom. Til saman er denne gruppa sjukdommar ei av dei vanlegaste dødsårsakene i Noreg.

  1. Kva tenkjer du når du les dette?
  2. Kva faktorar påverkar risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdom?

Oppgåve 2

Bruk den interaktive statistikken om risikofaktorar på NCD Risc (engelsk) for å studere utviklinga av overvekt og fedme i Noreg i perioden 1980–2014.

  1. Beskriv korleis utviklinga har vore. Kva tenkjer du om denne utviklinga?
  2. Kva konsekvensar kan overvekt og fedme ha for helsa di?

Oppgåve 3

Argumentet under er henta frå ein artikkel på Nrk.no knytt til UNICEF-rapporten «The state of the World's children 2019: Children, food and nutrition».

"Mens millioner av barn har et usunt kosthold fordi de mangler eller ikke har råd til bedre alternativer, blir norske barn og unge ofte overeksponert for usunn mat." (UNICEF, 2019)

Kva trur du forfattaren har meint med denne påstanden?

Oppgåve 4

Undersøk korleis mat og drikke blir marknadsført mot barn og unge i Noreg.

  1. Finn døme på marknadsføring som kan fremje gode og dårlege helsevanar. Grunngi kvifor du meiner desse døma kan påverke helsevanar hos barn og unge.
  2. Fant du flest døme som fremjar gode eller flest døme som fremjar dårlege helsevanar? Kvifor trur du det er slik?
  3. Finn ut korleis marknadsføringslova i Noreg tek vare på barns rett til god helse.
  4. Vala du tek i kvardagen, påverkar deg og har konsekvensar for helsa di, men du kan bli påverka til å ta ulike val. Kven har då ansvaret for dei vala du tek?

Oppgåve 5

Undersøk korleis styresmaktene kan påverke helsevanane dine.

  1. Finst det politiske føringar i Noreg i dag som fremjar gode og/eller dårlege helsevanar? Gi døme og grunngi svara dine.
  2. Bør vi bruke politiske føringar for å styre kva folk et? Grunngi svaret ditt.
  3. Lag forslag til nye reglar, retningslinjer, avgifter, subsidiar og liknande som kan fremje gode helsevanar.

Oppgåve 6

Kva konsekvensar har helsa di for samfunnet, og for Noreg?

Oppgåve 7

Kven har ansvaret for helsa di? Skriv eit debattinnlegg som fremjar ditt syn på problemstillinga. Ta gjerne utgangspunkt i dei to relaterte artiklane under.

Slik skriv du eit debattinnlegg.

Forslag til vidare arbeid

Lag en holdningsskapende kampanje som fremjar gode helseval. Skap medvit på skulen om at vala du tek i kvardagen, påverkar deg og har konsekvensar for helsa di.

Les om haldningskampanjar


Relatert innhald


Kjelder

NRK. (2019, 16. oktober). Utfordrande å snakke med barn om overvekt. Henta 27. mai 2020 frå https://www.nrk.no/norge/unicef-rapport_-norge-blant-landene-som-har-utfordringer-med-fedme-og-overvekt-1.14742477

UNICEF. (2019). THE STATE OF THE WORLD'S CHILDREN 2019.
Growing well in a changing world. Children, food and nutrition. Henta 27. mai 2020 frå https://www.unicef.org/media/63016/file/sowc-2019.PDF



CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020

Læringsressursar

Kosthald