Hopp til innhald
Fagartikkel

Marknadsføring og leiing 1, fagfornya på NDLA

Programfaget marknadsføring og leiing 1 er revidert, og det er produsert mange nye ressursar for å dekkje kompetansemåla i den nye læreplanen, LK20. Vi håpar du finn det nye innhaldet både nyttig og interessant. Lykke til med det gode læringsarbeidet!

Fullverdig læremiddel

I programfaget marknadsføring og leiing 1 vil du finne læringsressursar som dekkjer kompetansemåla for faget i LK20. Læringsressursar i form av fagartiklar, varierte og utforskande oppgåver, filmar og podkastar utgjer til saman eit rikt og heilskapleg læremiddel for faget.

Fleire av emna i faget er nye, og emneinndelinga følgjer kompetansemåla i læreplanen. I kvart emne er det produsert mange nye læringsressursar. Vi har vore opptekne av å lage ressursar som skal vere relevante og engasjerande for elevane, og som skal fremje elevaktivitet, utforsking og kritisk tenking.

Fagfornyinga og læreplanen i marknadsføring og leiing

Marknadsføring og leiing 1 er eit sentralt fag for å forstå marknader i ei verd i stadig endring. Faget skal bidra til at elevane tileignar seg oppdaterte kunnskapar og ferdigheiter slik at dei kan utarbeide marknadsføringsstrategiar og setje i verk tiltak for å nå konkrete marknadsføringsmål.

Læremiddelet knyter fagstoffet til ei stadig meir digitale verd og dekkjer samtidig sentral teori. Konkurransemidla er er eit viktig teoretisk fundament i faget. Kvart enkelt konkurransemiddel blir derfor behandla som eit eige emne. I tillegg har det komme til eit nytt emne i faget, marknadsmiks, som kan hjelpe elevane til å sjå samanhengen i bruken av konkurransemidla.

Det er produsert fleire nye filmar og podkastar, mellom anna ein ny animasjonsfilm om konkurransemidla. Det er òg utvikla fleire caseoppgåver som tek utgangspunkt i reelle verksemder.

Faget marknadsføring og leiing 1 skal bidra til å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong. Elevane skal utfordrast til å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna, og røyndomsnære og praktiske problemstillingar i marknadsføringsfaget skal gjere dei i stand til å bruke kritisk tenking og kreativitet for å komme fram til gode løysingar.

Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema

Til læreplanen i marknadsføring og leiing 1 høyrer òg det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling:

I markedsføring og ledelse handler det tverrfaglige temaet bærekraftig utvikling om å vurdere etiske og ansvarlige valg for virksomheter med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold i samfunnet. Dette innebærer at virksomheter har et ansvar for å bidra til bærekraftig utvikling gjennom visjoner, forretningsidéer og overordnede mål og ved valg av tiltak og strategier i de ulike prosessene i markedsføringen.

Vi har derfor utvikla eit eige emne som heiter samfunnsansvar og berekraft. I tillegg er berekraftig utvikling eit perspektiv som går igjen i dei fleste emna i faget.

Kjerneelement

Kjerneelementa beskriv temaområde, prinsipp og ein slags prosesstankegang som er gjennomgåande i faget marknadsføring og leiing 1 og i læremidla våre for faget:

Markedsanalyse og innsikt

Kjerneelementet markedsanalyse og innsikt handler om innhenting og vurdering av informasjon og analyser som gir overordnet perspektiv på markeder, målgrupper og deres behov. Det handler også om refleksjoner over hvordan markeds- og samfunnsutvikling danner grunnlag for å ta framtidsrettede beslutninger av betydning for markedsføring og ledelse.

Markedsstrategiske vurderinger

Kjerneelementet markedsstrategiske vurderinger handler om å vurdere og velge tiltak og virkemidler for å nå virksomheters mål. Det handler også om å utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og gjøre etiske og bærekraftige vurderinger og beslutninger i et ledelsesperspektiv. Det handler også om hvordan markedsføring, ledelse og beslutninger henger sammen.

Faglig kreativitet og problemløsing

Kjerneelementet faglig kreativitet og problemløsing handler om å åpne opp for nye idéer som bidrar til å skape forandring og fornyelse for å løse markedsstrategiske problemstillinger og nå virksomhetens mål. Det handler om at kreativ tenkning er nødvendig for å skape og gjennomføre nye ideer. Det innebærer å vurdere nye ideer og løsninger med bakgrunn i innsikt om markeder og målgruppens behov. Det handler også om etisk bevissthet i arbeid med faglig kreativitet og problemløsing.

Kompetansemål og vurdering

NDLAs læremiddel i faget marknadsføring og leiing 1 har eit variert innhald som dekkjer alle kompetansemåla. Nedanfor finn du lenkje til læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 1.

Relatert innhald

I eit avsnitt om vurdering i læreplanen står dette:

Læreren skal legge til rette for elevmedvirkning og stimulere til lærelyst gjennom ulike muntlige, skriftlige, og praktiske måter, hvor elevene utforsker og finner svar på faglige spørsmål og problemstillinger med betydning for markedsføring og ledelse.

I arbeidet med revidering og nyproduksjon av læringsressursar for faget marknadsføring og leiing 1 har vi vore opptekne av å lage ressursar som skal vekkje lyst til å lære og som skal gi elevane høve til å utvikle kompetanse i faget. Oppgåvene er varierte og kan bidra til eit breitt vurderingsgrunnlag i faget.

Vi håpar du finn innhaldet i markedsføringsfaget nyttig og interessant. Vedlagt finn du eit forslag til årsplan for faget, med lenkjer til passande ressursar på NDLA. Lykke til med det gode læringsarbeidet!

Relatert innhald

Fagstoff
Årsplan i marknadsføring og leiing 1

Få tips til korleis du kan jobbe med faget marknadsføring og leiing 1 og eit forslag til årsplan i faget som hjelper deg å planleggje skuleåret.

CC BY-SA 4.0Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2021