Om samfunnskunnskap på NDLA
Samfunnskunnskap er eit fellesfag alle elevar i norsk vidaregåande skule skal ha. På NDLA blei faget revidert i samsvar med læreplanen LK20 til skulestart i 2020.
Samfunnskunnskap på NDLA er bygd opp med seks hovudemne:
Verktøy for utforsking
Sosialisering, identitet og livsmeistring
Ulikskapar og utanforskap
Demokrati og medborgarskap
Økonomi, arbeids- og samfunnsliv
Globale perspektiv
Alle desse emna har ulike underemne.
Med læreplanendringa LK20 fekk fellesfaga nokre nye område. Samtidig er mykje av det som alltid har vore sentralt i faget, framleis med.
Innhald som er sentralt i læreplanen og på NDLA er:
Sosialisering og identitet, inkludert kjønn, seksualitet og grensesetjing
Sosiale forskjellar og utanforskap
Majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi
Rasisme, diskriminering og hatytringar
Personleg økonomi og forbruk
Organisering av samfunns- og arbeidsliv, inkludert den nordiske samfunnsmodellen
Demokratiet i Noreg og ideologisk ståstad
Makt, konfliktar og menneskerettar
Alle dei tre tverrfaglege temaa er sentrale i samfunnskunnskap. Det betyr at du kan jobbe med demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og med berekraftig utvikling i faget. I samfunnskunnskap er det også naturleg å jobbe tverrfagleg med ei rekke andre fag, som norsk, engelsk og naturfag, òg med dei ulike yrkesfaglege programområda.
Vi passar heile tida på å oppdatere faktainformasjon og endringar av ulike lover og reglar. Døme på dette er kven som er partileiarar, kor mange fylke vi har, nytt om levekår og ulike konfliktar. Vi jobbar også for å passe på at døma vi bruker, ikkje blir utdaterte. Vi fyller på med innhald, mellom anna frå dei tverrfaglege temaa.