"Utsleppa går ned"
CC BY-SA 4.0Korleis kan du avsløre at ei fremstilling av statistikk er feil eller misvisande? Her får du øve deg på eit konkret døme.
Du er no inne i ein læringssti:
Bløff med statistikk
Korleis kan du avsløre at ei fremstilling av statistikk er feil eller misvisande? Her får du øve deg på eit konkret døme.
Les overskrifta, sjå raskt på linjediagrammet over og diskuter:
Det vart mykje oppstyr rundt denne framstillinga i kommentarfelt og media. Studer tala og måten dei er lagt fram på.
Under ser du to andre måtar å framstille utviklinga på (figur 1 og 2). Samanlikn med Høgres presentasjon over.
Høgre lèt tidsaksen byrje i 2012. Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg som statsminister sat frå 2005 til 2013. Viss vi trekkjer tidsaksen tilbake til 2005, ser grafen slik ut (sjå figur 3).
Høgres påstand er at klimagassutsleppa går ned med Høgre i regjering. Du har her sett at grafen dei brukte var triksa med og pynta på.