Hopp til innhald
Fagartikkel

Finn tal og analysar på Ssb.no

Statistisk sentralbyrå (SSB) lagar norsk offisiell statistikk om økonomi, befolkning og samfunn. Hos SSB kan du finne tal og analysar som du kan bruke i skuleoppgåver i ulike fag. I denne artikkelen vil du få hjelp med å finne fram i menystrukturen. Dette kan gi deg ei betre oversikt enn å google.

Hovudemne

SSB publiserer statistikk under 23 hovudemne. Hovudemna er fordelte i dei seks hovudkategoriane: Arbeid, lønn og utdanning, Befolkning og bustad, Helse og samfunn, Miljø og transport, Næringsliv og teknologi og Økonomi. I tillegg finst det ein statistikkbank der du sjølv kan setje saman dine eigne tabellar og grafar. Meir informasjon finn du i artikkelen "Lær deg SSBs statistikkbank" på SSB.

På SSB kan du òg finne artiklar, analysar og publikasjonar og eigne temasider skrivne for deg som elev. I filmen nedanfor kan du sjå kvifor offisiell statistikk frå SSB er ei truverdig og nyttig kjelde.

Korleis er inndelinga på ssb.no?

Vi skal no sjå nærare på korleis du finn fram i dei seks hovudkategoriane på framsida til SSB si nettside. For å forklare korleis hovudkategoriane er strukturerte, ser vi på den første kategorien, Arbeid, lønn og utdanning og gir deg nokre døme på kva og korleis du kan finne tal og analysar – først om lønn og deretter om utdanning. Framgangsmåten for å finne tal vil vere lik for dei andre hovudkategoriane.

Tenk deg at du ønsker å finne ut kva du kan tene i ulike yrke. Det kan jo vere nyttig når du skal velje utdanning eller ein jobb. Eller kanskje du har ei skuleoppgåve om likestilling og treng å vite kor stor forskjellen i lønn for kvinner og menn er, og kvifor det er lønnsforskjellar mellom kjønna. Nedanfor ser du korleis du kan klikke deg gjennom menyen hos SSB for å finne tal om lønn for kvinner og menn i ulike yrke.

Prøv sjølv

Klikk inn på "Tabell 4: Gjennomsnittlig månedslønn i utvalgte yrker, fordelt på kjønn" på SSB og sjå på leiaryrka frå yrkesnummer 1112 til og med 1439, og finn ut i kor mange av desse yrka kvinner tente meir enn menn.

Lønnsforskjellen mellom kvinner og menn skyldest mellom anna at det er mange fleire menn enn kvinner blant dei som har høgast lønn, at kvinner oftare jobbar deltid og i offentleg sektor, og at kvinner og menn jobbar i nokså ulike yrke. Dette kan du lese meir om i artikkelen "Slik kan lønnsforskjellen mellom kvinner og menn forklares" på SSB.

I statistikkbanken kan du finne ut endå meir om lønn for kvinner og menn i ulike yrke enn i den ferdiglaga tabell 4. I til dømes "Statistikkbanktabell 11418: yrkesfordelt månedslønn, etter sektor, kjønn og arbeidstid 2015–2023" på SSB kan du finne tal for fleire år og for svært mange yrke.

Hovudemnet Utdanning som døme

Kan vi ut frå statistikk om utdanning forklare noko av lønnsforskjellane mellom kvinner og menn? Utdanning betyr jo mykje for kva yrke vi vel. I toppmenyen ligg hovudemnet Utdanning under hovudkategorien Arbeid, lønn og utdanning. Under Utdanning finn du fleire underemne, og vi skal sjå på emnet Utdanningsnivå.

Først undersøker vi om det er forskjellar i kor mykje utdanning kvinner og menn har, det såkalla utdanningsnivået. Då går vi inn i statistikken over utdanningsnivået til befolkninga og studerer hovudtabellen. Her finn vi at i 2023 hadde ein større prosentdel kvinner enn menn universitets- og høgskuleutdanning, fordi talet på kvinner er høgare enn talet på menn totalt sett for dette utdanningsnivået. Isolert sett er det lett å tenke at då skulle ikkje kvinnene tene mindre enn mennene.

Vi veit at mange tekniske yrke er betre betalte enn til dømes helsefaglege yrke. For å forstå lønnsforskjellane kan vi sjå på korleis kvinner og menn fordeler seg på ulike fagretningar på universitets- og høgskulenivå.

Vi går då tilbake til hovudemnet Utdanning og klikkar inn på underemnet Universitets- og høgskuleutdanning, og så til statistikken Studiepoeng og fullført universitets- og høgskuleutdanning. I tabell 2 på statistikksida ser vi mellom anna at menn er i klart overtal i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, og at kvinner er i fleirtal i helsefaga.

SSB sine faktasider

SSB har over 30 faktasider om ulike emne. Faktasidene finn du under kvart emne, underemne og statistikk. Nedst på kvar faktaside finn du oversikt over alle faktasidene.

Ønsker vi til dømes å finne ut meir om kjønnsfordelinga på vidaregåande skule, kan vi undersøke faktasida om utdanning. Denne finn du nedst på alle sider som omhandlar utdanning.

På faktasida om utdanning finn vi mellom anna at det var fleire kvinner enn menn på dei studieførebuande programma, og at kjønnsfordelinga var omvendt for yrkesfaglege utdanningsprogram. Vidare ser vi at kvinnelege lærlingar var i overtal i helse- og oppvekstfaga.

Prøv sjølv

Kva finn du på faktasida om likestilling om forskjellar i lønn, yrker og utdanning?

SSB sine skulesider

Nesten heilt nedst på framsida til SSB finn vi "Mer på ssb.no", der vi heilt til høgre finn SSB skole. SSB skole har innhald tilpassa skulen. Her finn du undervisningsopplegg om ulike tema og lenker til artiklar, infografikk og videoar.