Oppgåve 1
Du har målt breidda av eit rom til 565,3 cm. Uvissa i målinga er 3 mm.
a) Korleis nemner du breidda til rommet inkludert måleuvissa?
Fasit
Breidda er (565,3 ± 0,3) cm.
b) Kva blir den relative uvissa her?
Løysingsforslag
Den relative uvissa er .
Oppgåve 2
Det er gjort 6 målingar av breidda på eit vindauge. Resultata ser du i tabellen under.
Måling nr. | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 |
---|---|---|---|---|---|---|
Breidde, cm | 74,5 | 74,7 | 74,5 | 74,6 | 74,4 | 74,6 |
a) Korleis skal breidda av vindauget nemnast?
Løysingsforslag
Gjennomsnittsverdien er 74,55 cm. Her er det første sifferet etter kommaet uviss, derfor rundar vi av til éin desimal, som gir 74,6 cm.
Variasjonsbreidda er 74,7 cm – 74,4 cm = 0,3 cm.
Halve variasjonsbreidda blir
Breidda av vindauget blir
(74,6 ± 0,2) cm
b) Rekn ut den relative uvissa her.
Løysingsforslag
Den relative uvissa er
Oppgåve 3
Du har fått fleire vener til å måle høgda di med ulike målemetodar. Venene dine fekk desse resultata:
Måling nr. | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 |
---|---|---|---|---|---|
Høgde, cm | 174,5 | 174 | 174,5 | 175 | 174 |
a) Finn høgda di med uvisse.
b) Rekn ut den relative uvissa her.
Oppgåve 4
Eit lengdemål er nemnd til 532 mm. Den relative uvissa i lengdemålet er 0,5 prosent.
Kva er (den absolutte) uvissa?
Tips 1 til oppgåva
Den absolutte uvissa (eller den vanlege uvissa) blir målt i det same som lengdemålet, og det er det talet som skal kome etter pluss-minus-teiknet.
Tips 2 til oppgåva
Kva skal dei 0,5 prosentane reknast av?