Bløff med statistikk!
I oppgåvene under skal du manipulere diagrammet for å få fram bodskapen din. Det er lettast å jobbe med statistikk-manipulatoren i fullskjerm-vising.
Slik bruker du statistikk-manipulatoren
Endre rekkjevidde på x- og y-akse: Du kan bestemme kvar x- og y-aksen skal starte og slutte ved å dra i sliderane.
Ta bort verdiar på y-aksen: I desse døma er det årstal på y-aksen. I tabellen kan du ta bort enkelte år for å "pynte" på det du skal presentere.
Ta bort dataseriar: I datasettet "BNP per innbyggjar" er det fleire land. Du kan velje kva for nokre av desse landa som skal visast ved å velje dei bort i tabellen.
Endre diagramtype: Du kan velje om diagrammet skal visast som linje eller stolpe.
Byte datasett: Du kan her velje mellom to førehandsdefinerte datasett ved å trykkje på rullegardinmenyen oppe til venstre.
Eigendefinerte datasett: Viss du ønskjer, kan du laste opp dine eigne datasett og jobbe med heilt andre tal ved å klikke på "Importer data". Her finn du ei oppskrift på korleis dette blir gjort.
1. Arbeidsløyse
For å løyse denne oppgåva må du vite i kva periodar Høgre og Arbeidarpartiet sat med regjeringsmakta. Her er ei oversikt:
Arbeidarpartiet har hatt regjeringsmakt i følgjande periodar: 1973–1981, 1986–1989, 1990–1997, 2000–2001, 2005–2013.
Høgre har hatt regjeringsmakt i følgjande periodar: 1981–1986, 1989–1990, 2001–2005 og 2013–2021.
I periodane 1972–1973 og 1997–2000 sat verken Høgre eller Arbeidarpartiet i regjering.
Ta utgangspunkt i datasettet som viser arbeidsløyse.
Vel om du vil representere Høgre eller Arbeidarpartiet.
Manipuler diagrammet og finn ein måte å framstille tala på som set partiet ditt i eit godt lys, eller som set den politiske motstandaren din i eit dårleg lys.
Når du er nøgd, kan du laste ned bilete av diagrammet ditt.
Presenter resultata for kvarandre i grupper eller felles i klassen.
2. Var Noreg eit av Europas fattigaste land i 1911?
I nyttårstalen sin 1. januar 2011 sa dåverande statsminister Jens Stoltenberg mellom anna følgjande:
I 1911 var vi eit fattig jordbrukssamfunn som mange flytta frå. I 2011 er vi eit rikt, moderne samfunn som mange vil flytte til. (...) For ei reise våre eldste har vore med på! Dei blei fødde inn i ein ung nasjon som var blant dei fattigaste i Europa.
Denne talen fekk sterk kritikk på grunn av påstandar som kjem fram i dette utdraget.
Ta utgangspunkt i datasettet som viser BNP per innbyggjar.
Finn ei framstilling av desse tala som viser på tydelegast mogleg måte at Stoltenberg har feil i éin eller fleire av påstandane sine.
Når du er nøgd, kan du laste ned bilete av diagrammet ditt.
Finn ei framstilling av talen som kan støtte ein eller fleire av Stoltenbergs påstandar.
Når du er nøgd, kan du laste ned bilete av diagrammet ditt.
Presenter resultata for kvarandre i grupper eller felles i klassen.
Diskuter: Kva er rett og kva er gale med Stoltenbergs påstandar i nyttårstalen?
3. Diskuter: Kvar går grensa?
Når ein skal presentere statistikk, må ein ta nokre val. Kva slags visuell framstilling får fram talen på best måte? Kva for nokre tal er relevante å ta med?
Kvar går grensa for kva som er god formidling av statistikk? Når blir det rein manipulering og forvrenging av verkelegheita? Diskuter i klassen. Prøv å kome fram til nokre enkle køyrereglar for god bruk og presentasjon av statistikk.
Kjelder
Stoltenberg, J., Statsministerens nyttårstale 2011. https://www.nrk.no/norge/statsministerens-nyttarstale-2011-1.7446005