Elektriske sparkesyklar har komme for fullt dei siste åra. I større byar kan du òg leige slike. Kor mykje kostar det å leige?
Miniprosjekt
I Trondheim er det fleire firma som tilbyr korttidsleige av elektriske sparkesyklar. Du leiger via ein app på telefonen.
- Lag ei oversikt over desse firmaa, og finn ut kva det kostar å leige ein elektrisk sparkesykkel hos dei. Kva firma lønner det seg å leige hos?
- Vel så ein annan by der elektriske sparkesyklar kan leigast. Er leigeprisen den same i denne byen som i Trondheim?
Tips til oppgåva
- Her kan det vere nyttig å komme fram til ein formel for kor mykje det kostar per minutt å leige ein sparkesykkel.
- Eller er det kanskje betre med ein formel som viser kor mykje det kostar per køyrde kilometer?
- Ei grafisk framstilling av kostnadene for leige hos dei ulike firmaa vil gjere seg!
- Hugs å skrive opp alle føresetnader du gjer undervegs.
CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2020