Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis teikne grafen av ein lineær funksjon

Korleis kan vi raskt teikne grafen av den lineære funksjonen g gitt ved g(x) = −2x + 4 ?

lineær funksjon.graf.

Metode 1

Vi teiknar grafen på grunnlag av verditabellen

Vi veit at grafen blir ei rett linje. Då er det eigentleg nok med to punkt i verditabellen, men det er lurt å ta med eit tredje punkt for kontrollen si skuld.
Vi klarar oss godt med hovudrekning her og fyller ut tabellen!

x

g(x)

-3

10

1

2

5

-6

Grafen til ein lineær funksjon.Tegning.

Metode 2

Vi teiknar grafen på grunnlag av stigingstal og konstantledd

Sidan konstantleddet b=4, skjer grafen andreaksen for y=4. Punktet (0, 4) ligg derfor på grafen.

Stigingstalet er -2. Vi tar utgangspunkt i punktet (0, 4), går ei eining til høgre, og stigingstalet fortel at vi må flytte oss parallelt med y-aksen 2 einingar ned for igjen å møte grafen. Vi kjem til punktet (1, 2). Vi har da to punkt på grafen og kan trekkje linja gjennom desse punkta.

Metode 3

Vi teiknar grafen med eit digitalt verktøy

Definisjonsmengda er her alle reelle tal. I GeoGebra skriv du inn funksjonsuttrykket på skrivelinja eller i algebrafeltet. Frå algebrafeltet kan du «dra» funksjonsuttrykket over til grafikkfeltet.

Lineær graf i GeoGebra. Skjermbilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2020

Læringsressursar

Lineære funksjonar