Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan vi redde verda ved å sende færre e-postar?

Det meste av det vi gjer i løpet av ein dag, bidreg til klimagassutslepp, også det å sende e-post. Men bidreg e-post til så store klimagassutslepp at det betyr noko i den store samanhengen? Sett på spissen: Kan vi redde verda ved å sende færre e-postar?
Ung mann i denimskjorte har olbogane på pulten, kviler haka på knytte hender og ser oppgitt på ein datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 2019 blei det i fleire aviser publisert nyheitssaker der bodskapen var at alle kunne bidra til å redusere klimautsleppa ved å slutte å sende unaudsynte e-postar. Det blei hevda at dersom vi slutta å sende e-postar med bodskap som «Takk!», «God helg» og «OK», ville dette kunne gi betydelege utsleppskutt:

Viss alle britar slutta å sende éin slik e-post, ville dette utgjere ein reduksjon i utslepp som svarer til over 80 000 flyreiser mellom London og Madrid.

Seinare blei det hevda at desse utrekningane var baserte på gamle tal, og at situasjonen i dag er ein annan.

Ramma nedanfor inneheld oppdaterte tal for klimagassutslepp som blir forårsaka av å sende e-post.

Klimagassutslepp frå e-post

0,03 g CO2e: Søppelpost som blir fanga opp av søppelpostfilter.

0,2 g CO2e: Kort e-post som blir send frå ein mobil til ein annan.

0,3 g CO2e: Kort e-post som blir send frå ein berbar datamaskin til ein annan.

17 g CO2e: Lang e-post som det tek 10 minutt å skrive og 3 minutt å lese. Blir send frå ein berbar datamaskin til ein annan.

26 g CO2e: Lang e-post som det tek 10 minutt å skrive, og som blir send til 100 mottakarar. 99 av mottakarane bruker 3 sekund på å finne ut at e-posten ikkje gjeld dei, og lèt vere å lese han.

Kjelde: Berners-Lee, M. (2020). How bad are bananas? The carbon footprint of everything (revidert utgåve). London: Profile Books.

Flytskjema over delar av livsløpet til eit produkt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Diskuter: Kva fasar består livsløpet til ein e-post av? Lag eit flytdiagram som viser korleis dei ulike fasane heng saman med kvarandre.
  2. Kva for nokre av desse fasane bidreg til utslepp av klimagassar?
  3. Kva fase gir det største bidraget? Grunngi svaret.
  4. Undersøk i kva grad påstanden om e-post og flyreiser er riktig.
  5. Finn ut kvifor klimagassutsleppet knytt til sending av e-post er annleis i dag enn det var i 2010.
  6. Diskuter: Kan vi «redde verda» ved å sende færre e-postar?

Jobb vidare

  • Foreslå tiltak som de trur monar meir enn å sende færre e-postar.
  • Finn ut om dette stemmer, og foreslå korleis desse tiltaka kan gjennomførast på ein arbeidsplass.

Relatert innhald

Kjelder

Berners-Lee, M. (2020). How bad are bananas? The carbon footprint of everything (revidert utgåve). London: Profile Books.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft