Hopp til innhald

Fagstoff

Årsplan for naturfag på YF, helse- og oppvekstfag

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her kjem eit forslag til korleis du kan planleggje det kommande skuleåret etter læreplanen (LK20) ved hjelp av dei fagressursane NDLA tilbyr i naturfag.
Kalenderblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fagressursane i naturfag frå NDLA dekkjer heile læreplanen (LK20). Dette inkluderer dei grunnleggjande ferdigheitene, kjerneelementa, dei tverrfaglege temaa og kompetansemåla. Med nytt og spennande fagstoff håpar vi å kunne bidra til skaparglede, engasjement, utforskartrong, nysgjerrig haldning og kritisk tenking både i og utanfor klasserommet.

Årsplan for naturfag på YF, helse- og oppvekstfag

Vi har laga eit forslag til årsplan med hovudemne, fokusområde, læreplantilknyting og lenkjer til eit utval fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande og kan lastast ned slik at ein enkelt kan tilpasse han til ulike elevgrupper og årsplanen til skulen.

  • Læreplantilknytinga er lagd inn periodevis for dei ulike emna og blir vist til ved starten av eit nytt emne.

  • I planen er det lagt til rette for å jobbe med dei tverrfaglege tema i tilknyting til fleire av emna i naturfaget. Dette er spreidd utover heile skuleåret og utgjer totalt fire veker. NDLA tilbyr mange måtar å jobbe med dei tre tverrfaglege temaa på. Enkeltlærarar kan bruke ressursane i faget sitt eller samarbeide på tvers av ulike fag.
  • Kompetansemålet «utforske ei sjølvvald naturfaglig problemstilling, presentere funn og argumentere for val av metodar» er godt eigna innanfor alle emna i naturfaget. I årsplanen er det plassert i veke 18, 19 og 20 under emnet stoff og materiale, men dette kan enkelt justerast og tilpassast til andre emne.

Årsplanen som redigerbar tekstfil og PDF.

Filer

Årsplan naturfag Vg1 HS

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 13.08.2021

Læringsressursar

Årsplanar i naturfag