Introduksjon
I denne læringsstien skal du lese og setje deg inn i hovudteksten til leksjonen På tur til Shanghai.
Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du
- kunne lese og forstå innhaldet i teksten
- forstå glosene i teksten
- ha fått ein grunnleggjande forståing av grammatikken i leksjonen
- vite korleis du fortel om kva for stader du tidlegare har besøkt
- vite korleis du bestiller flybillettar
- vite korleis du bestiller hotellrom og tek inn på hotell
- vite korleis du uttrykkjer ei spesifikk plassering
- vite korleis du uttrykkjer resultatet av ei handling